ALT KLART: Kommunane Årdal og Lærdal er klare for å ta i mot det varsla ekstremvêret "Tor". Brannsjef i Årdal, Gaute Johnsgaard, har kalla inn ekstra mannskap for å takle eventuelle utfordringar når uvêret kjem fredag ettermiddag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
ALT KLART: Kommunane Årdal og Lærdal er klare for å ta i mot det varsla ekstremvêret "Tor". Brannsjef i Årdal, Gaute Johnsgaard, har kalla inn ekstra mannskap for å takle eventuelle utfordringar når uvêret kjem fredag ettermiddag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Klare for å ta i mot «Tor»

Beredskapen i Årdal og Lærdal er godt førebudd før «Tor» tar turen inn fjorden og i fjella fredag ettermiddag. 

Årdal/Lærdal: I morgontimane fredag har kommuneberedskapen i Årdal og Lærdal vore i sving for å sikra utstyr, sjekka bekkefar og stikkrenner og kalla inn ekstra vakter, før ekstremvêret «Tor» er venta på ettermiddagen.

Både kommunalsjefen for tekniske tenester i Lærdal, Alf Magne Hjellum, og brannsjef i Årdal, Gaute Johnsgaard, er godt førebudd på uvêret.

Samtidig ynskjer dei ikkje å dramatisere dette meir enn naudsynt, men dei oppmodar alle om å ta seg ein ekstra runde rundt huset for å sjå etter gjenstandar som kan reise i den sterke vinden som er meldt.

Naudnett på prøve

– Det vert spennande med det nye naudnettet, seier Johnsgaard som håpar dei slepp å ta det i bruk denne helga. 

Hjellum fortel at med naudnettet på plass er dei betre rusta enn tidlegare, og i tillegg har begge kommunane satelittsamband oppe. 

Begge fortel at dei er så førebudd som det er mogleg å vere i forkant av eit slikt ekstremvêr.

– Me er klare for å ta i mot han «Tor», seier Hjellum.

Følg med

Beredskapen i Årdal og Lærdal ber kvar og ein følge med på varslingar frå vegvesen, vêrmeldingar og på kommunane sine nettsider. 

– Vurder om det er naudsynt å reise ut på køyretur, seier Johnsgaard. 

Han oppmodar om å heller finne roa heime denne fredagskvelden. 

Til toppen