KLARE: Kjetil Hov (t.v.), påmeldingsansvarleg til Lerum Cup og styremedlem i Knipenborg skyttarlag og skyttarlagsleiar Robert Sandvik byrjar å bli klare til storinnrykk under Lerum Cup, som startar 15. mai. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KLARE: Kjetil Hov (t.v.), påmeldingsansvarleg til Lerum Cup og styremedlem i Knipenborg skyttarlag og skyttarlagsleiar Robert Sandvik byrjar å bli klare til storinnrykk under Lerum Cup, som startar 15. mai. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Klare til å ta i mot nesten 900 skyttarar

Noregs tredje største skytestemne går av stabelen komande veke. Det blir storinnrykk både i Sogndal, Årdal, på Leikanger og Hafslo under Lerum Cup.

Sogndal/Årdal/Luster/Leikanger: - Størst påmelding akkurat no har me på stevnet i Sogndal; her er det snakk om 886 skyttarar. For Knipenborg sin del har me 853, men då er ikkje våre eigne skyttarar med, så ein kan leggja på over tju her, seier Kjetil Hov.

Han har hatt ansvaret for påmeldinga til årets utgåve av Lerum Cup. Og det har vore litt av ein jobb; høyr berre her:

- Skyttaren som reiser lengst og mest kjem frå Bodø. Han ringde og lurde på om det var mogleg å få det til så han kunne koma med fly fredag og vera med på tre stemner då, så to stemner laurdag føremiddag fordi han skal fly til Oslo frå Haukåsen for å koma seg i eit bryllaup utpå dagen. Så det har eg fått ordna til han no.

Noregs tredje største skyttararrangement

Det populære stemnet startar måndag 15. mai; då blir det konkurransar kvar ettermiddag frå i 17-tida veka gjennom med unntak av 17. mai.

- Då får me halda fred, seier leiar i Knipenborg skyttarlag, robert Sandvik.

Fredag 19. mai startar skytinga klokka 13, og laurdag og søndag blir det konkurransar heile dagen.

Med godt og vel 100 fleire deltakarar enn i fjor har Lerum Cup - der det blir arrangert stemner på skytebanene både på Hafslo og Leikanger, i Sogndal og Årdal både på Loi og Farnes - verkeleg vakse seg stort.

- No har me faktisk 150 fleire påmelde skyttarar enn det er til første runden av Norgescupen, seier Hov.

For etter Landsskyttarstemnet og Norgescupen er Lerum Cup Noregs tredje største arrangement på skytefronten. Så stort er det no at det nesten blir kapasitetsproblem.

- Klarar de å ta unna tusen skyttarar?

- Einaste måten me kan klara det på er å utvida fredagen til full dag også, seier Sandvik.

Frå Bodø i nord til Søgne i sør

- Spesielt på hundre meter for dei yngre klassane og veteranklassane er det tilnærma smekkfullt, legg Hov til.

- Korleis har de vorte så populære?

- Det har nok fleire årsaker; svært god resultatservice, mellom anna. Så er det mange som vil til Sogn på våren. Og det er sesongstart før første runden av Norgescupen. 

- Så har me nok fått eit godt rykte; mellom anna har me kafè med full bevertning - her blir det bakt pizzasnurrar og steikt vafler dagane lange stemna gjennom. Lukta av kaffi og vaflar er viktig, seier Sandvik, og legg til:

- I år er det også ein runde med Norgescup i Sogndal, Aurland og på Hafslo - det gjer nok også at me trekkjer litt ekstra til Lerum Cup.

Med tilreisande skyttarar frå Bodø i nord til Søgne i sør nyt også det lokale næringslivet godt av cupen; skyttarane bookar seg inn på hotell og campingplassar i arrangørkommunane og nabokommunar.

- Dei ringde meg for ei stund sidan frå Klingenberg og spurde om det var så at Lerum cup vart arrangert 17. mai-veka og påfølgjande helg for dei hadde byrja å bli oppbooka, seier Sandvik.

- Meir enn eg torde håpa på

Det er åttande utgåva av Lerum Cup som står for dør; tidlegare vart det arrangert Avinor Cup fram til Avinor trekte seg og Lerum steppa inn.

- Då hadde me ei brainstorming for å finna ut korleis me kunne løfta dette, seier Sandvik.

Breinstorminga har tydelegvis lukkast; no står cupen svært sterkt i skyttarmiljøa rundt om.

- Eg tenkte nok at me kanskje kunne klara å få litt fleire påmelde enn i fjor, men at det skulle bli snakk om rundt hundre fleire var meir enn eg torde håpa på, held skyttarlagsleiaren fram.

Og det ligg stor dugnadsinnsats bak for at stemna skal rulla godt; Bjarne Sandvik er på plass på Knipenborg mest kvar dag for at alt skal vera i skjønnaste orden til storinnrykket.

- Han kjem gjerne tidleg på morgonen og driv på til i totida; då må han heim og eta middag, seier Robert. 

Til toppen