GAP: Det er eit gap på resultatindeksen frå Sogn og Fjordane og ned til dei tre andre fylka i vestlandsregionen. Likevel har først og fremst Rogaland, men også Hordaland og Møre og Romsdal den mest positive veksten frå andre til tredje kvartal - dette skuldast først og fremst noko stigning i oljepris. Grafikk: Sparebanken Vest/Respons Analyse
GAP: Det er eit gap på resultatindeksen frå Sogn og Fjordane og ned til dei tre andre fylka i vestlandsregionen. Likevel har først og fremst Rogaland, men også Hordaland og Møre og Romsdal den mest positive veksten frå andre til tredje kvartal - dette skuldast først og fremst noko stigning i oljepris. Grafikk: Sparebanken Vest/Respons Analyse

Klart best i vest

Verksemdene i Sogn og Fjordane opplever ein vesentleg betre marknadssituasjon enn dei øvrige fylka.

I tredje kvartal i fjor gjorde Sogn og Fjordane eit byks på Vestlandsindeksen medan pilene for dei tre øvrige fylka på Vestlandet gjekk nedover. Framleis er marknadssituasjonen vesentleg betre for verksemdene her i fylket.

Det går fram av den tredje Vestlandsindeksen for 2016. Dette er ein kvartalsvis temperaturmålar for næringslivet på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse.

Turismefylke versus oljefylker

Verksemdene i Sogn og Fjordane held fram å melda om gode resultat og held seg stabilt på eit positivt nivå. Turisme har vore ei vekstnæring i fylket, godt hjelpt av svak krone. Dette blir i rapporten drege fram som hovudårsaka til at resultatindeksen er vesentleg høgare her i fylket enn særskild dei oljedrivna fylka sør for oss.  

Medan resultatindeksen handlar om det som har vore, handlar forventningsindeksen om det som kjem. Utsikter til litt sterkare krone framover gjer at forventingane blant verksemdene i fylket er noko lågare for dei seks neste månadane, heiter det i rapporten. Vidare at verksemdene i Sogn og Fjordane likevel har størst tru på framtida blant fylka på Vestlandet. 

Seks prosent av verksemdene reknar med å kutta i årsverk

Vidare er det seks prosent av verksemdene i Sogn og Fjordane som melder at dei reknar med å måtte kutta i tal årsverk dei komande seks månadane. Dette er lågast i vestlandsregionen.

Vestlandsindeksen blir utarbeidd ved at tilfeldig valde verksemder blir spurde om viktige indikatorar som etterspurnad, sysselsetting, investering og marknadsutsikter dei tre føregåande månadene og korleis dei ventar at utviklina skal bli neste halvår.

Indeksen gir eit tal på mellom 0 og 100. Eit tal på over 50 indikerer at verksemdene har eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme.

Hundre verksemder her i fylket har vore med i undersøkjinga. Frå kvar av fylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal er 200 verksemder med.

Til toppen