30 mot 7: Eit tydeleg fleirtal i Sogndal kommunestyret stemde for å handsama varslarsaka i Sogn barnevern. Saka blir no diskutert bak lukka dører.
30 mot 7: Eit tydeleg fleirtal i Sogndal kommunestyret stemde for å handsama varslarsaka i Sogn barnevern. Saka blir no diskutert bak lukka dører.

Klart fleirtal for å handsama varslarsaka i barnevernet

No diskuterer politikarane erstatningssum bak lukka dører.

Leikanger: Dei hadde valet om å ta orienteringa frå rådmannen til vitande, og la den betente saka bli avgjort administrativt. I staden stemde 30 av dei 37 representantane i kommunestyret for å handsama varslarsakene i Sogn barnevern.

Det betyr at saka vil få eit politisk vedtak torsdag, om enn ikkje eit endeleg punktum. Etter avstemminga vart møtet lukka, og pressa og tilhøyrarar sende på gangen.

Stor avstand mellom partane

Grunngjevinga til ordførar Arnstein Menes for å lukka møtet, var at namna til varslarane måtte gjerast kjent, for å kunna avgjera om dei enkelte representantane i kommunestyret er habile i saka.

Det sentrale spørsmålet politikarane no diskuterer, er nivået på erstatninga til varslarane. Kommunen har tilbydd 2,4 millionar kroner, eit tilbod som står ved like til 15. februar. Varslarane har avvist summen, og krev 4,2 millionar i erstatning og oppreising.

Viss partane ikkje kjem til semje, tilrår rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu at saka går til retten.

Kommune-advokaten meiner tilbodet er for høgt

Møtet i Leikanger tinghus torsdag starta med at politikarane fekk ei orientering frå rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu og advokaten til kommunen, Geir S. Winters.

Sistnemnde fortalde at han er meir tvilande til om dei omvarsla leiarane har gjort noko gale, enn det som kjem fram i den slåande Brækhus-rapporten, som politikarane i gamle Sogndal fekk presentert i oktober.

Advokaten la heller ikkje skjul på at han tykte tilbodet til kommunen på 2,4 millionar kroner var for høgt. Han hadde sjølv førslege å tilby eit forlik på rett i overkant av 1 million kroner, men vart overstyrt av setterådmannen.

– Når eg er med på å fremme eit tilbod, så er det fordi eg meiner at ikkje alt har vore som det skulle. Men kor ille har det vore?, sa han, og la til at det var knytt stort uvisse til fakta i saka.

Fekk kritikk

I spørsmålsrunden retta fleire av politikarane kritikk mot kommuneadvokaten, som dei meinte i for stor grad hadde lytta til den eine sida i saka, nemleg leiarane det hadde blitt varsla på.

– Det blir som å høyra avslutningsprosedyren i ei rettsak, der den eine parten ikkje er representert, sa Arne Glenn Flåten (H) frå talarstolen.

Bjarte Stedje (Sp) minna om at atten stykk hadde slutta i barnevernet, ikkje berre dei ni varslarane, men at ikkje alle torte å vera med på søksmålet mot kommunen. 

– Det tykkjer eg blir litt bagatellisert i orienteringa. Det er jobben hans å gjera det billigast mogleg for kommunen, men her er det menneskeleg omsyn me må ta, ikkje berre det juridiske, sa han.

Winters understreka at han representerte kommunestyret, og ikkje administrasjonen eller leiarane, i saka.

– Eg har inga anna interesse enn å bidra så godt eg kan ved å gje juridiske innspel, sa han.

Til toppen