FIBERUTBYGGING: Rådmann Olve Fossedal orienterte om rolla til kommunen på møte med innbyggjarar i Vikadalen tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
FIBERUTBYGGING: Rådmann Olve Fossedal orienterte om rolla til kommunen på møte med innbyggjarar i Vikadalen tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Klart for fiberutbygging i Vikadalen

Årdalsnett AS fekk anbodet på utbygginga som startar opp om kort tid. Tysdag kveld var det ope møte med innbyggjarane i Vikadalen. 

Årdalsnett fekk kontrakt på utbygginga, der underleverandør for fiberarbeidet er Årdal Energi. Tydag inviterte dei innbyggjarane til Vikadalen ungdomshus for å orientere om planane om fiberutbygginga, som gir raskt internett. 

Fibernettet som skal på plass i Vikadalen gir moglegheit for at alle innbyggjarane skal kunne kople seg til. 

– Framtidsretta

Arbeidet for å få på plass fibernettet skal vera ferdig til 1. november i år. 

FORKLARAR PROSESSEN: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal. 
FORKLARAR PROSESSEN: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal. 

– Kommunen håpar dette er framtidsretta og eit steg i riktig retning for innbyggjarane, seier rådmann Olve Fossedal.

Årdal kommune søkte midlar til utbygging av breiband i Vikdalen, og fekk tildelt støtte frå fylket og staten. Utbygginga vart så lagt ut på anbod. Fossedal fortel om tunge prosessar for å gjennomføre anbodsrunden. Det sto mellom Telenor Norge AS  og Årdalsnett AS, der sistnemde leverte det beste tilbodet. Avtala som er inngått, står Årdal kommune juridisk ansvarleg for. 

Årdal kommune har avsett kring 1 million til utbygginga, i denne summen inngår også tilskot frå stat og fylkeskommune. 

Sognenett takka for seg

DAGENS LEVERANDØR: Mona ​Teigen, marknadsleiar i Sognenett, fortel dei sender ut faktura til innbyggjarane i Vikadalen ut oktober, fram til Årdalsnett tek over. 
DAGENS LEVERANDØR: Mona ​Teigen, marknadsleiar i Sognenett, fortel dei sender ut faktura til innbyggjarane i Vikadalen ut oktober, fram til Årdalsnett tek over. 

Det er Sognenett AS som leverer internett via telefonkabel til Vikadalen i dag. Mona Teigen, marknadsleiar i Sognenett, fortel at det er litt trist å ikkje halde på vidare. Ho gratulerer Årdalsnett med tilskotet og seier ho håpar folk sluttar opp om fiber. 

Sognenett held oppe den noverande internettløysinga til det nye fibernettet er oppe og går. 

– Det handlar om å hiva seg rundt og vera med på framtida. ADSL-nett som no, tek til å bli gamal teknologi. Me også ønsker å trappe ned og koma oss over på fibernett, seier Teigen. 

– Har trua

Oskar Torsteinsen, har teke turen til Vikadalen ungdomshus. Han har sett seg lei på dårleg dekning på det trådlause internettet han har i dag, sjølv om han ikkje ser seg sjølv som ein storforbrukar. 

HÅPAR NETTET BLIR BETRE; Marta og Kjell Natvik under møtet på Ungdomshuset i Vikadalen tysdag.
HÅPAR NETTET BLIR BETRE; Marta og Kjell Natvik under møtet på Ungdomshuset i Vikadalen tysdag.

– Eg ser fram til å sjå ein film eller lesa avisa utan at eg må vente på at sida blir lasta opp, seier han. 

Marta Natvik seier også ho no opplever internett som tregt. Ho tykkjer det blir spennande å sjå. Kjell Natvik håpar også at internett blir betre. 

Lodda stemninga for dugnad

Kvar husstand må sjølv ta ansvar for å grave ned fiberrøyr frå tomtegrena og inn til eigen bustad. Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett, seier dei vil også lodde stemninga for om nokre av innbyggjarane vil bidra med graving av grøfter på fellesstrekker og mellom anna utstrekking av røyr.

KLAR FOR Å STARTE OPP:
Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Me vil først høyra med innbyggjarane, før me set i gang med å engasjere entreprenørar til å ta seg av gravearbeidet, seier Øren. 

Prosjektleiar Edvard Holsæter, frå Årdal Energi, fortel at dei komande vekene vil dei å i gang med detaljplanlegginga. Om nokon har innspel og forslag til mellom anna kvar kabeltraseane kan gå eller vil bidra med dugnadsarbeid, bør dei koma så fort som råd. Han har i tillegg oversiktskart over kva strekker det kan vera aktuelt med dugnadsarbeid. 

– Kva skjer om ein ikkje vil vera med på fibernettet, spør ein av innbyggjarane. 

Holsæter fortel at det uansett vil bli lagt fibernett inn til tomtegrensa, men at det framleis er mogleg å nytte mobilt breiband.

Neste runde for utbygging

Årdal kommune er alt i gang med søknadsprosessen for breibandtilskotsordninga frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) i samspel med fylkeskommunan for 2015 (Sjå faktaboks). 

Fossedal bekreftar at kommunen søker om stønad til å fiberutbygging til øvste del av Seimsdalen i tillegg til Fardalen i 2015. 

Han fortel også at kommunen hadde eit ønske om utbygging av fiber også på Tyinfjellet, med at det ikkje fell innanfor tilskotsordninga frå stat og fylkeskommune. 

 

Til toppen