MEST VANLEG: Kjøttmeisa (t.v.) var den desidert mest vanlege hagefuglen i hagefuglteljinga i fjor. Blåmeisa (t.h.) var ein god nummer to. Foto: Trond J. Strøm / NTB scanpix / NPK.
MEST VANLEG: Kjøttmeisa (t.v.) var den desidert mest vanlege hagefuglen i hagefuglteljinga i fjor. Blåmeisa (t.h.) var ein god nummer to. Foto: Trond J. Strøm / NTB scanpix / NPK.

Klart for fugleteljing

Laurdag 30. og søndag 31. januar skal det igjen førast manntal over hagefuglane våre.

Årdal/Lærdal: Alle kan vere med på den årlege hagefuglteljinga, som skjer samtidig i Noreg, Danmark, Sverige og Finland. For Norsk Ornitologisk Forening og samarbeidspartnarane Miljolare.no, Agder Naturmuseum og Høgskolen i Hedmark er det heilt greitt om teljinga skjer veka før eller etter helga, slik at det blir lettare for skular og barnehagar å vere med.

Teljinga går ut på å observere fuglane du kan finne i hagen din og melde resultata inn på nettsidaFuglevennen.

I fjor fekk Fuglevennen inn vel 334.000 observasjonar av til saman 172 artar i 6.390 hagar over heile landet. Kjøttmeis var den arten det var mest av og vart observert i 95 prosent av hagane. På dei neste plassane kom blåmeis, skjor, svarttrost og spettmeis.

Mange registrerte dessutan elg, hjort, hare, mus, røyskatt, vånd og grevling blant hagegjestene i fjor. (©NPK)

 

Til toppen