I kveld er det jonsokfeiring og tradisjon tru blir det klart for store bål ved midnatt rundt om kring i bygdene.
Sola snudde måndag
I Seimsdalen starta dei feiringa allereie klokka 17 med opptog, tautrekking, grilling og etter kvart båltenning.
På Grandane i Lærdal var trevirket som skal gje eit digert bål ved midnatt på plass allereie onsdag ettermiddag.
Les også: Åtvarar mot uvettig bålbrenning
Jonsok - eller sankthans - har namn og opphav i feiringa av fødselen til døyparen Johannes. Det blir gjerne også omtala som midtsommarfeiring, noko som eigentleg ikkje er rett - i alle fall ikkje om ein ser på den lengste dagen i året som midtsommar. Sola snudde alt for tre dagar sidan, den 20.juni. Sidan det er skotår i år kom sommarsolkverv ein kalenderdag tidlegare enn vanleg - elles er det 21.juni som er årets lengste dag.