BRANN: Restar etter storbrannen i januar. Arkivfoto
BRANN: Restar etter storbrannen i januar. Arkivfoto

Klart for jul i brannherja Lærdal og Flatanger

Både i Lærdal og Flatanger har dei første familiane flytta tilbake til nybygde hus etter storbrannane i januar, i tide til å feire jul i eigen heim.

  • Endret

Det er snart eitt år sidan flammane herja i den tette busetnaden på Lærdalsøyri, sentrum av Lærdal.

Kraftig vind, bitande kulde og usedvanleg lite nedbør gjorde at brannmannskapa ikkje klarte å få kontroll over flammane. Til saman 40 bygningar brann ned til grunnen 18. og 19. januar.

– Alle husa som vart skadde, er reparert. Det er framleis mange tomme tomter, men alt er rydda. Så det ser ikkje ut som eit brannområde, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) til NTB.

Hurtigbehandla søknader

For at bygda skulle komme seg vidare, vart ekstraressursar sett inn for å behandle byggjesøknader raskt. Men det har gått ut over kommunekassa, som er botnskrapt.

– Alle byggjesøknader er behandla. Det er mange hus som er under oppføring, men førebels er det berre tre personar som har flytta inn i to ferdige hus. Det er mellom åtte og ti hus som er i ferd med å bli gjenreist, fortel Solheim.

Nokre hol vil det likevel bli i brannområdet. Tre-fire tomter er lagt ut for sal, og fleire kjem det sannsynlegvis til å bli, trur ordføraren.

Byggjer kopi

Under brannen nådde aldri flammane den eldste delen av Lærdalsøyri, der det er fleire freda og verna bygningar. Likevel gjekk eitt freda hus tapt i brannen, ein tomt som no er avfreda.

– Men han som eig huset, har bestemt at det skal byggjast ein utvendig kopi av det gamle. Kommunen har delteke i møte med arkitekt, og både vi og Riksantikvaren er glade for at han vil gjere det på den måten, seier ordføraren.

Det freda huset, som vart kalla Synneva Eris hus, var bygt i 1840, då som to bygningar som inneheldt eit bakeri og ein bustad. Det vart freda allereie i 1923.

Berre nokre dagar etter storbrannen i Lærdal brann det også i Flatanger i Nord-Trøndelag. Brannen starta 27. januar, og 55 bustader vart totalskadde. På Frøya i Sør-Trøndelag var det også ein stor skog- og grasbrann, men der var det berre ei turisthytte som brann ned.

Flyttar tilbake

Også i Flatanger gjorde kommunen det dei kunne for å få fart på oppattbygginga ved å behandle søknader raskare enn vanleg.

Førre veke flytta den første familien tilbake til nybygd hus, så vidt i tide til julefeiringa.

– Det betyr utruleg mykje for oss at vi kan vere her i jula, og få pakka ut det meste til julekvelden, fortel Birgit Fossvik til Namdalsavisa.

– I jula får vi tid til å tenkje over kva som eigentleg har gått føre seg i 2014, legg ektemannen Åge til.

Familien var ein dei mange som mista alt dei åtte i brannen, og dei var aldri i tvil om at det nye huset skulle reisast på same stad som den gamle heimen deira.

(©NPK)

 

Til toppen