NY LEIAR: Valnemda innstiller Synnøve Sætre frå Ørsta til å overta leiarvervet i Norsk Målungdom. Avtroppande leiar er Karl Peder Mork frå Oslo. Foto: Norsk Målungdom
NY LEIAR: Valnemda innstiller Synnøve Sætre frå Ørsta til å overta leiarvervet i Norsk Målungdom. Avtroppande leiar er Karl Peder Mork frå Oslo. Foto: Norsk Målungdom

Klart for landsmøte i Norsk Målungdom

Til helga finn det 49. landsmøtet til Norsk Målungdom stad på Linderud skole i Oslo. 

Avtroppande leiar, Karl Peder Mork, ventar ikkje noko dramatikk eller store endringar i politikken til organisasjonen, men tykkjer landsmøte alltid er spanande.

Etter eit år med Mork som leiar, får det mot leiarskifte i målungdommen, skriv Norsk Målungdom i ei pressemelding. 

Kvinne frå Ørsta tek over

Valmnda har innstilt noverande skrivar Synnøve Sætre, som kjem frå Ørsta, til å ta over leiarvervet. 

– Eg meiner det er viktig at uansett om du kjem frå eit trygt nynorskområde eller ein stad der nynorsken ikkje står så sterkt, så skal du ha høve til å ha eit medvite forhold til språket. Det gir trygge språkbrukarar, og difor er det noko eg vil jobbe for. Eg er veldig takksam for tilliten valnemnda har vist meg, seier Sætre.

Nynorsk i næringslivet

 – Me har fått til mykje bra det siste året, i det siste spesielt når det kjem til nynorsk i næringslivet. Me har hatt gjennomslag for saker som er viktig for unge nynorskbrukarar. Eg er sikker på at denne framgangen vil halde fra, seier Mork.

Til toppen