DEI FØRSTE: Allereie onsdag var dei første motorsyklane og tilhøyrande førarar på plass i Kvammegården. Privat foto
DEI FØRSTE: Allereie onsdag var dei første motorsyklane og tilhøyrande førarar på plass i Kvammegården. Privat foto

Klart for MC-treff på Lærdalsøren hotell

- Det blir mykje artige folk som tek turen, seier hotellsjef Johannes Einemo.

Lærdal: Dei første motorsyklane er alt på plass i Kvammegården, og fleire skal det bli i løpet av helga.

- Dei første åtte kom frå Oslo på onsdag; det er ein gjeng som kjem til Lærdal kvart år. Dei køyrer alle vegane rundt i området; til Turtagrø og slikt, så dei har skjønt det. Så når dei skulle koma tenkte eg kunne laga MC-treff, seier Einemo.

Håpar å få opp MC-gløden i bygda

VERT: Johannes Einemo har tromma i hop til MC-treff på Lærdalsøren hotell denne helga, her er han på plass i puben "Småsnurren". Arkivfoto
VERT: Johannes Einemo har tromma i hop til MC-treff på Lærdalsøren hotell denne helga, her er han på plass i puben "Småsnurren". Arkivfoto

Treffet startar for alvor fredag, og Einemo held veslepuben sin, "Småsnurren" open før det laurdag klokka 11 bêr i veg med motorsykkeltur til Årdal og vidare opp på Tyinkrysset, over Filefjell og ned att Lærdal langs vegstykkja som var E16 før tunnelane på Borgun kom.

- Det er ei fin rute der me får sett mykje, seier Einemo.

- Kor mange motorsyklar ventar du til treffet?

- Mange har meldt si interesse, så viss me hadde fått 30 motorsyklar her hadde det vore gull. Og viss lokale folk har lyst å koma er det supert; det er lenge sidan me har hatt MC-treff i Lærdal, så eg håpar dette kan hjelpa på for å få oppatt MC-gløden litt.

Har du ikkje motorsykkel sjølv får du sjansen til å synfara ei god samling i Kvammegården denne helga

- Der blir alle motorsyklane stilte opp, så stiller eg opp Lamborghiniane og Ferrariane mine.  Ja, eg har no MC sjølv også, så eg skal no på tur med den. 

Laurdag kveld er det countryfest på Lærdalsøren hotell; Tore Leiren spelar opp. 

- Alle er velkomne. Det kjem mykje artige folk på MC-treffet, så eg trur dette blir ei bra helg, seier Einemo. 

Til toppen