NASJONAL DUGNAD: Monika Lysne, leiar i Lærdal Røde Kors, håpar lærdøler også vil vera med å bidra på nasjonal dugnad laurdag. Biletet er frå Preservo i Serbia, på grensa til Makedonia. Her kjem det tusenvis av flyktningar kvar dag for å registrere seg, medan frivillige frå Røde Kors i Serbia delar ut naudsynte ting som vatn og mat. Foto: Olav A. Saltbones/Norwegian Red Cross)

Klart for nasjonal dugnad for menneske på flukt

Laurdag er det nasjonal dungad for å hjelpe menneske på flukt frå krig og uro. Lærdal Røde Kors, vil då vera synlege i sentrum slik at du kan hjelpe til å hjelpe. 

Lærdal: Verda har ikkje sett liknande flyktningkrise sidan tida etter andre verdskrig. Totalt var 59 millionar menneske på flukt i 2014, ifølgje Flyktninghjelpen

Over heile landet er det stort engasjement for å hjelpe menneske som er på flukt frå krig og konflikt. Lærdal Røde Kors gjer seg no klar til nasjonal dugnad laurdag.

BØSSEBÆRING: Lærdal Røde Kors er laurdag ute med bøsser i butikkar og i sentrum, fortel Monika Lysne.
Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

– Me håpar lærdøler og andre som er ute på handel vil vera med å bidra slik at Røde Kors kan hjelpe dei mange millionane med menneske som er på flukt. Hjelp oss å hjelpe, oppmodar Monika Lysne, leiar i Lærdal Røde Kors. 

Det vil vera innsamlingsbøsser i butikkar og du vil sjå medlem frå Lærdal Røde Kors i sentrum som vil informere om aksjonen og gå med bøsser. 

Røde Kors i Noreg, jobbar for å bistå med praktisk hjelp og støtte både i Europa, i Syria og nabolanda. Men også i Noreg vil det vera behov for hjelp i lang til framover. 

Her kan du lesa meir om arbeidet til Røde Kors. 

Til toppen