Klart for sesongopning av Lærdal kulturhus

Sogn kunstsenter opnar dørene 6. juni.

6. juni – 20. september 2015:

Fellesrom -

Lærdalslandskap hos Hans Gjesme og Jens Hauge

Landskapet og det spesielle lyset i Lærdal, med sine steile fjellsider og skarpe kontrastar, har vekt interesse hos mange kunstnarar. Det er likevel ingen som har skildra det storslagne landskapet med den same sansen for detaljar som Lærdal sine eigne kunstnarar frå to generasjonar, målaren og teiknaren Hans Gjesme (1904-1994) og samtidskunstnaren fotograf Jens Hauge (født 1953).

Hans Gjesme sine skissebøker, som ikkje har vore synt fram tidlegare, framhever overraskande fellestrekk og ulikskap i detaljer og kunstnarleg ståstad mellom dei to kunstnarane. Trass i at hovudtemaet, Lærdals- landskapet, er det same og lett å kjenne igjen, er det kanskje vel så interessant at tilnærminga til motiva kan vere so til forveksling like, sjølv om verka er utført i ulike teknikkar, til ulike tider og i ganske så ulike kunstnarlege uttrykk.

- Utstillinga handlar kanskje meir om måten ein kan sjå eit landskap på !

Velkomen til ei ny og kortreist utstilling med lokal forankring! 

Til toppen