FUTSAL: Det blir garantert mykje trøkk og intense kampar i Førdehuset denne helga når det skal kjempast om gjeve KM-titlar. Arkivfoto: Kaja Nygård.
FUTSAL: Det blir garantert mykje trøkk og intense kampar i Førdehuset denne helga når det skal kjempast om gjeve KM-titlar. Arkivfoto: Kaja Nygård.

Klart for sluttspel i KM

I helga vert sluttspelet i krinsmeisterskapen i futsal avgjørt i Førdehuset. 

Årdal/Lærdal: Laurdag og søndag blir det mykje fotball i Førdehuset med full rulle i KM i futsal. Futsal er innandørs fotball, men med litt andre reglar enn tidlegare. 

Totalt 109 lag fordelt på klassane 13-19 år skal spele om gjeve KM-titlar i spelforma futsal. Det blir garantert stort trøkk og intense kampar i Førdehuset denne helga.

Lag frå både Årdal og Lærdal skal i aksjon. Lærdal IL har berre eitt lag med i G14. IL Jotun stiller med heile fem lag i G15 og G16 og i J15 og J16, medan Årdalstangen IL stiller med tre lag i G13 og G16, samt eit J13-lag. 

Årdal Fotballklubb hadde også med eit G19-lag, men dette er blitt trekt, skriv fotballkrinsen på si nettside. 

Kampar og resultat kan du følgje med på her

Til toppen