BEST MOGLEG: Både størst fisk og flest mogleg fiskar vlir løna med premie under fiskekonkrransen på Torolmen til helga.
BEST MOGLEG: Både størst fisk og flest mogleg fiskar vlir løna med premie under fiskekonkrransen på Torolmen til helga. (Foto: Illustrasjon)

Klart for tradisjonell fiskekonkurranse

Mange håpar på stor fisk og mykje fisk i Torolmen til helga

Årdal: – Det er vel syttande eller attande året på rad me arrangerer denne konkurransen. Me håpar på seksti til hundre påmelde fiskarar og me har godt med premiar så alle ungar skal få, seier leiar i Årdal jeger- og fiskerforeining (ÅJFF), Vidar Moen.

Fiskekonkurransen på Torolmen går av stabelen komande laurdag frå klokka 12 til 16. Det er påmelding ved Gamle Damvoktaren.

Både dei tre som får mest fisk og dei tre som får størst fisk blir premierte. 

– Det går godt an å få kilosfisk, men me har ikkje veldig bortskjemde med stor fisk under desse konkurransane. Fisk på rundt halvkiloen må me likevel kunne venta.

Moen opplyser vidare at det er gratis brus og pølser til alle ungar, og at kafeen på Gamle Damvoktaren er open. Vidare at ein ikkje må vera medlem i ÅJFF for å delta.

Til toppen