INNLEGG: Fredag heldt Lise- May Sæle innlegg om sidemålspolitkken på Høgres landsmøte. 
INNLEGG: Fredag heldt Lise- May Sæle innlegg om sidemålspolitkken på Høgres landsmøte. 

– Klart me treng nynorsken

Sogn og Fjordane og Hordaland fekk ikkje fleirtal for sitt forslag på Høgres landsmøte fredag. 

Sogn: Dei to fylkespartia kom med forslag om å behalde karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal under landsmøtet fredag.  

- Det er likevel positivt at ein skal bruke tekstar på både bokmål og nynorsk gjennom heile skuleløpet, seier Lise-May Sæle.

Noregs Mållag er skuffa over at Høgres landsmøte ikkje gjekk inn for dette forslaget, men er glad for at Hordaland og Sogn og Fjordane leverte innlegg for å holde fram med karakter og eksamen i sidemål. 

- Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar. Det er også slik at dei over 75 000 elevane som veks opp med nynorsk hovudmål, treng å møte til dømes lærarar, prestar, juristar som også kan nynorsk. Høgre sin politikk fjernar denne kompetansen frå samfunnet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Held fram med arbeidet om sidemålspolitikken

Sjølv om dei ikkje fekk fleirtal for sitt forslag, vil Sogn og Fjordane Høgre holde fram med arbeidet om sidemålspolitikken. Fredag heldt Lise-May Sæle frå Sogn og Fjordane Høgre eit innlegg på landsmøtet. Ho fekk mykje honnør for dette innlegget.

- Klart vi treng nynorsken. Vi er eit parti uti fjordarmane i vest, gjennom ein tunnel og over bru også – der finst det Høgrefolk og andre snille gode sambygdingar som nyttar nynorsken kvar einaste dag. Det er ingen hemmelegheit at fjerning av karakter i sidemål betyr at Norge vil miste viktige verdiar, historie, kulturarv og kunnskap, sist men ikkje minst ein viktig identitet for mange i heile vårt langstrakte land, seier Sæle i innlegget sitt.

Riksmålsforbundet har gjort ei undersøking som viser at tal brukarar av nynorsken i kvardagen har stege med over 1 prosent, og er no på 14,1 prosent.

- I tillegg viser forskning at viss me kan bruke bokmål og nynorsk temmeleg godt, så er me betre rusta når me skal ut å lære meir frå den djupe språkjungelen.

Ho seier vidare at ein må styrkje og kvalitetssikre undervisninga som vert gjeve i sidemål.

- Ja til kunnskap, ja til sidemålet. Det er då vi kan ha tru på Norge, avslutta Sæle.

Til toppen