Årdal: – Det var litt synd med timingen i forhold til at utebassenget opna same dagen. Eg trur at det tok litt mange av ungane, seier Fredrik Jarstadmarken som kom med ideen om å prøve seg på rekorden.
Det var i pausen mellom Årdal og Eid at alle stilte seg opp på løpebana og at løpstalentet, Knut Werge-Olsen, tok ein liten løpetur.
Jarstadmarken tenkte at det kunne vera morro å prøva å ta ein verdensrekord og begynte å leita på nett.
– Eg prøvde berre å finna noko som var mogleg å ta for oss, og då eg kom over denne tenkte eg at den jo var perfekt. Det var noko me kunne gjera i lag på ein fotballkamp.
- Les òg: Tidens toppscorar for Årdal FK såg kamp frå tribuna: – Eg har lyst å spela kvar gong eg er her
40 «high fivar» frå rekorden
I følgje Jarstadmarken var dei ca. 40 «high fivar» frå å ta rekorden.
– Knut sprang forbi alle på berre 30 sekund, så eg er overbevist om at det er mogleg å ta rekorden. Me var 294 personar totalt, og no har me lært litt om korleis me kan stille oss opp best og korleis me burde gjennomføre det.

Han veit endå ikkje når dei skal prøva igjen, men at det blir er heilt sikkert.
– Kanskje me skal prøva igjen i forbindelse med 16. mai kamp når det er mykje russ og publikum, men det får me tenka litt på.
Sjølv om dei no har prøvd å ta ein verdensrekord, betyr det ikkje at dette er noko dei kjem til å gjera ofte.
– Først og fremst er det fotballen som er i fokus, men om me klara å finne på noko morro å gjera i tillegg, er jo det berre kjekt. Eg trur dei fleste tykte det var eit morsomt påfunn, seier Jarstadmarken.