OND SIRKEL: Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL vart hengande etter gjennom heile kampen mot Bergen Studentidrettslag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
OND SIRKEL: Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL vart hengande etter gjennom heile kampen mot Bergen Studentidrettslag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Klarte ikkje bryte den vonde sirkelen

Trass tap mot Bergen Studentidrettslag (BSI) i Årdalshallen laurdag ettermiddag, har Jotun/ÅTIL framleis framgang frå førre kamp. 

Jotun/ÅTIL - BSI 19 - 27

Fyrste omgang starta bra, og Jotun/ÅTIL haldt trykket oppe fram til dei siste minuttane før pause. Då var det uavgjort 7-7, men så rakna det for heimelaget. Då omgangen var over, hadde bortelaget auka til 7-14. 

Trass i tapet, syner samarbeidslaget store framsteg frå førre kamp. 

– Kampen gjekk litt opp og ned. Me hadde periodar der me var veldig rutinerte, seier trenar Óli Sveinsson.

Les også: Nærmar seg ny heimekamp for handballjentene

Keeper best

At heimelaget vart hengande etter i slutten av fyrste omgang, forklarar Sveinsson med at jentene var slitne. 

– Då blir det mange feil framover, seier han.

Keeper Ann Iren Hunderi vart heimelagets beste spelar denne laurdagen. Ho gjorde ein bra jobb i mål, og hadde mange gode redningar gjennom kampen. 

Før kampen fortalde Sveinsson til Porten.no at dette er ein utviklingsperiode, og at det er fokuset til samarbeidslaget. Han var klar på at laget må forbetre prestasjonane på begge sidane av banen, før ein kan byrje å snakke om resultat. 

Til toppen