Årdal: Fyrste scoring kom allereie etter 15 minutt av Simen Mannsverk. Deretter var det kun eit lag som regjerte på bana.
– Me tok tak i kampen frå starten av og følte oss aldri truga av motstandaren. Me blei sjølvsagt litt uroa på utvising etter berre 40 minutt, men me gjekk opp i ein komfortabel ledelse på 3-0 rett før pause, som gjorde til at me kunne senka skuldrane litt, fortel lagkaptein Brede Stedje Ylvisåker
To raude kort

Sjølv om Årdal hadde god kontroll på gjestene, vart det ein kamp som innebar to raude kort. Rett før laga gjekk til pause blei Fredrik Sørli utvist etter at han kom i klammeri med ein Tornado-spelar. Mot slutten av kampen blei også Tornado-spelar, Thomas Brakke, utvist etter at han felte Kenth Lægreid.
Det var fint vêr og god stemning på tribuna og blant dei oppmøtte.
– Det er veldig viktig å støtta opp det lokale laget og alltid morosamt å sjå på når dei spelar god fotball. I tillegg er det viktig å støtta opp og sjå på dei unge og nye spelarane, seier Kurt Jevnaker som møtte opp på tribuna.
Ein god periode for Årdal
Han vil trekke fram spelar nummer 13, Simen Mannsverk som spesielt god under dagens kamp.
– Han gjorde ein svært solid kamp, og blei kåra til bana sin beste for Årdal. Mannsverk hadde full kontroll og styrte mykje av det Årdal skapte, seier Jevnaker.
Årdal er no inne i ein god periode og ser ut til å vera eit vanskeleg lag å møte på heimebane. Med seier mot Stryn og uavgjort mot Fjøra, som er favoritt til å vinna kretsligaen, er Årdal eit vanskeleg lag å møta på Jotun Stadion.
- For ordens skuld: Sivert Mannsverk, som har bidrege som journalist til denne saka, har spela på Årdal FK.