BRATT OG GLATT: Men med isøkser, stegjern og sikringsutstyr tok Sondre Kvambekk og Kjetil Andersen seg opp på Råken via denne isveggen. Foto: 500fjell
BRATT OG GLATT: Men med isøkser, stegjern og sikringsutstyr tok Sondre Kvambekk og Kjetil Andersen seg opp på Råken via denne isveggen. Foto: 500fjell

Klatra spektakulær rute på stupbratt is

To unge eventyrarar klatra seg for eit par veker sidan opp på Råken i Lærdal med isøkser, stegjern og tau.

Lærdal: – Første gong eg køyrde gjennom dalen var då eg skulle opp på Storen for første gong vinterstid. Eg såg denne linja frå bile og tenkte: tenk å gå opp der ei gong, seier Sondre Kvambekk.

Linja han såg var inne i det islagte juvet på nordsida av fjellet Råken i Lærdal. Og 8. februar skulle tanken setjast ut i livet – han og kompisen Kjetil Andersen reiste grytidleg frå Sogndal for å prøva ut den spektakulære ruta.

– Den er eit voldsamt blikkfang med ei renne og samanhengande is til toppen. Ei svært openbar rute for ein isklatrar – mange isklatreruter må ein leita etter, men her ser ein heile ruta frå E16.

Utruleg merittliste

RUTA: Dette er ruta dei to karane gjekk.
RUTA: Dette er ruta dei to karane gjekk.

Galskap, tenkjer kanskje du som sit og ser på bileta. Men Kvambekk er ingen gjennomsnittleg mosjonist som tek seg ein tur til fjells i ny og ne. Høyr berre her:

I 2010 hadde han som 19-åring vore på alle toppane over 2000 moh. i landet – det er nesten 400 toppar når ein nyttar primærfaktor 10, som i praksis betyr å ta med alt som kan minna om ein topp.

I 2014 gjekk Kvambekk på alle toppane i Hurrungane på under eitt døgn. På 19 timar tok han 23 toppar over 2000 moh. – når ein reknar med primærfaktor 30 – nesten 7000 høgdemeter.

I fjor gjekk han Breheimen rundt på 21 timar; 17 2000-meterstoppar, nesten 6000 høgdemeter og heile 112 kilometer. Og han har gått Rondane rundt på under 12 timar, vesentleg kjappare enn ex-skiskyttar Lars Berger.

Så han veit kva han driv med. Og det må til, for nordveggen på Råken er ein krevjande tur, sjølv for Kvambekk:

– Den krev gode tilhøve; ein går i ei renne, og om det skulle rasa vil raset følgja renna heile vegen. Men det var knapt snø då me gjekk og isen var god. Det hadde vore ein mildvêrsperiode i framkant, så vorte kaldt att, då sit isen godt på underlaget. Og blir det for kaldt kan isen bli sprø. No var den ganske hard og slitsam å klatra på, men det kjendest trygt heile vegen.

JUV: Før ein byrjar med sjølve klatringa, tek ein seg opp dette tronge juvet.
JUV: Før ein byrjar med sjølve klatringa, tek ein seg opp dette tronge juvet.

Ruta truleg berre klatra ei gong tidlegare

Han og Andersen brukte fjorten og ein halv time opp og ned. Returen vart lagt rundt på austsida av Råken, via Senndalen. 

– Ein må rekna god tid – me gjekk ganske effektivt, men brukte heile dagen. Også klatreteknisk er den utfordrande, me var skikkeleg pumpa i leggmuskulaturen då me var komne opp.

Kvambekk har undersøkt kor vidt nokon har gått denne ruta tidlegare. Han har funne fram til ein; kanadiske Guy Lacelle, som døydde i desember 2009 då han vart teken av eit skred under klatring i Montana i USA. 

– Eg veit ikkje om andre som har gått denne ruta, og eg veit ikkje når Lacelle gjekk den. Men ettersom den ikkje står skildra nokon plass vil eg tru den ikkje er klatra av andre enn han tidlegare, seier Kvambekk.

– Lærdal: eit eldorado for isklatring

Det er kanskje ei ikkje veldig kjent side av Lærdal, men i isklatrarmiljøet blir dalen med dei mange fossane som er islagde vinterstid sett på som eit eldorado for isklatring. Det finst til og md ein eigen førar for isklatring på nettet som skildrar ulike ruter.

– Lærdal har nokre av dei finaste moglegheitene for isklatring i Sør-Noreg.  Kjørlifossen inni Raasdalen, og Vikaberget utanfor sentrum har til dømes ein utruleg fin foss. Og det finst masse anna. Ved sidan av Aurland, Gudvangen, og Fortunsdalen er Lærdal av plassane som er best eigna for isklatring – det er tørrare her enn i til dømes Sogndal, og dermed mindre snø.

Artikkelen held fram under biletet

LINJA Langs den raude streken tok dei seg opp denne isveggen.
LINJA Langs den raude streken tok dei seg opp denne isveggen.

Ein spansk isklatrar omkom i Kjørlifossen for tre år sidan. Kvambekk meiner likevel isklatring er ein rimeleg trygg aktvitet så lenge ein har kunnskapar til å lesa tilhøva, har eit godt klatreteknisk grunnlag og ikkje minst unngår å gjera kardinalfeila.

– Ulukkene skjer ekstremt sjeldan som fall under sjølve klatringa. Når det går gale er det som regel fordi ein bind seg ut av sikringstauet av ein eller annan dum grunn. Så er ein ikkje merksam nok og sklir ut. Det var dette som skjedde med spanjolen.

Klatring.no sin rapport skildrar også dødsulukka ved Kjørlifossen slik, her kan du lesa den.

– Det er viktig at ein er konsentrert heile tida når ein driv med dette. Det er som med bilkøyring. Isklatring krevjer ein del kompetanse, men er ingen veldig farleg aktivitet når ein gjer ting rett. Å sjå skaparverket frå ein isvegg på vinteren er utruleg flott.

UTSYN: Etterkvart breiar dalen seg ut langt der nede.
UTSYN: Etterkvart breiar dalen seg ut langt der nede.

Terningkast 6

Nordveggen på Råken må i høgste grad seiast å vera noko for vidarekomande isklatrarar, men kan ein faget anbefalar Kvambekk denne ruta varmt; på nettsida 500fjell, der han og kompisane legg ut rapportar frå turane dei går på, har ruta fått terningkast 6.

– Ei vanvittig stilig rute; du har  renna og veggene på begge sider. Øvst i renna må ein ta seg ut til høgre over tre taulengder; her var det ikkje meir is enn akkurat, så me kunne ikkje skru isskruer alle plassar. Det var den mest utfordrande biten Deretter har du ti lengder med isklatring, og toppisen er utruleg flott.

Askerguten Kvambekk er student og bur i Sogndal. Der har han tilgang til Sogndalsdalen og andre områder særs godt eigna for frikøyring. Med isklatringsmoglegheitene i dei nærliggjande, tørrare områda – som Lærdal – er Sogn komplett for ein eventyrar som han 

– Hadde denne ruta ligge i Hemsedal ein plass så hadde det vore ein klassikar. Men du må gå 1000 høgdemeter først, det gjer den krevjande. Det er også eit spennande terreng heilt i nedre del med eit bratt hjorteterreng der det neppe har vore så mange andre enn hjort før oss. Her er det også ein foss på tretti meter ein kan klatra når den er frosen, men det var den ikkje då me var der. Det er dessutan eit fantastisk utsyn mot dalen som breier seg ut di høgare ein kjem. Og dette ligg berre ein ferjetur unna Sogndal.

OPP OG NED: 14 og ein galv time tok denne turen.
OPP OG NED: 14 og ein galv time tok denne turen.
Til toppen