FANN IKKJE VEGEN: Dårleg vêr gjorde at tre klatrarar ikkje klarte å finne vegen ned att frå Storen. Foto: Wikipedia commons.
FANN IKKJE VEGEN: Dårleg vêr gjorde at tre klatrarar ikkje klarte å finne vegen ned att frå Storen. Foto: Wikipedia commons.

Klatrarar måtte overnatte i fjellet

Tre klatrarar fann ikkje vegen ned att frå Store Skagadølstind. 

Jotunheimen: Det var det dårlege vêret som gjorde at dei tre klatrarane ikkje klarte å ta seg ned att frå Noregs tredje høgaste fjell og måtte overnatte ute.

Politiet fekk melding om dei tre tysdag morgon og har sidan hatt kontakt med klatrarane, som var våte, kalde og tomme for proviant.

Dei tre er no komne trygt ned att.

Storen er det einaste av dei tre høgste fjelltoppane i Noreg der ein må klatre for å kome seg heilt opp. 

Til toppen