MIDLAR: Lærdal kommune har søkt om 300.000 kroner i støttemidlar til ballbingen på Borgund som har ein samla prislapp på 722.000 kroner. Arkivfoto. 
MIDLAR: Lærdal kommune har søkt om 300.000 kroner i støttemidlar til ballbingen på Borgund som har ein samla prislapp på 722.000 kroner. Arkivfoto. 

Klatrepark og ballbinge fekk grønt lys

Søknadane om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane har fem-dobla dei. Her kan du sjå kven av søknadane i Årdal og Lærdal som no er godkjente av fylkeskommunen. 

Lærdal/Årdal: Fylkeskommunen har godkjent til saman seks mærmiljøanlegg i Lærdal og Årdal kommune.

– Talet på søknadar har fem-dobla seg frå 2000 til 2016. Me har gått frå å få inn 60 søknadar til nærare 320 i år. I 2016 utgjer dette ein samla investeringsveri på over 1 milliard kroner, seier Atle Skrede, rådgjevar, kulturavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tilsaman har fylkeskommunen godkjent ein sum på 191 millionar kroner. I fjor fekk fylket utdelt 37 millionar kroner frå Kulturdepartementet. 

– I år håpar me på 45 millionar kroner. Det er det me har budsjettert etter i den regionale planen. Grunnen til at me har gjort det, er fordi det ser ut som Norsk Tipping går mot ein auke i overskotet i år også, seier Skrede. 

Kvar kommune har ei prioriteringsliste over kva anlegg dei helst vil ha midlar til ut i frå den godkjente lista til fylkeskommunen. 

Populært med ballbinge

Både i Lærdal og Årdal kommune har dei prioritert å søkje om midlar til utvikling av ballbingar. I Lærdal har dei fått godkjent søknadsmidlar til ballbinge på Lærdalsøyri skule for 81.000 kroner til ein totalkostnad på 162.239 kroner. 

Kommunen har også søkt om nærmiljømidlar til ein ballbinge på Borgund idrettsbane, der dei har fått godkjent 300.000 kroner. Den totale summen på anlegget er på 722.000 kroner. 

Les også: Nærmar seg opning av ballbinge

Årdal kommune har fått godkjent spelemidlar for 61.000 kroner til ein ballbinge på Farnesskule. Den totale summen for anlegget er 122.438 kroner. 

Klatrepark og sandhandballbane 

Lærdal kommune ønskjer også midlar til ein klatrepark på Lærdalsøyri skule til ein samla verdi på 866.250 kroner. Her har dei fått godkjent 300.000 kroner av fylket. 

– 300.000 kroner er maksgrensa på nærmiljøanlegg uansett kva totalsummen for prosjektet er, seier Skrede. 

Les også: Her kan det koma klatrepark

Klatrepark vil dei også ha i Årdal ved Farnes skule. Den har ein samla kostnad på 836.654 kroner og fylkeskommunen har godkjent søknadsmidlar på 300.000 kroner. 

Årdalstangen Idrettslag har søkt om nærmiljømidlar til ei sandhandballbane som har ein prislapp på 300.694 kroner. Den godkjente søknadssummen er på 150.000 kroner. 

Tilsaman har Årdal kommune fått godkjent nærmiljø midlar for tre anlegg til 511.000 kroner. Lærdal har fått godkjent liknande midlar til 681.000 kroner. 

Tre søknadar om skyttarhus

Lærdal skytehus sameige har sendt inn to søknadar om ordinære spelemidlar til Lærdal skyttarhus. Desse midlane skal gå til skytebane inne.

I den eine søknaden er den totalt summen på 638.351 kroner, her har dei fått godkjent 213.000 kroner i støtte.  Den andre søknaden har ein totalsum på 1.312.000 kroner og her er den godkjente støtta på 437.000 kroner. 

Les også: No startar oppattbygginga av skyte- og klubbhuset

Lærdal Idrettslag har også søkt om midlar til skytebane inne på stadion til ein totalsum på 316.000 kroner og har fått godkjent 105.000 kroner av desse. 

Den siste ordinære søknaden til Lærdal kommune er i år ny og gjeld klubbhuset. Totalsummen er på 1.120.200 kroner og her har fylket godkjent 373.027 kroner. 

Den samla summen på godkjente spelemidlar for ordinære anlegg i Lærdal er på 1.128.027 kroner. 

Ridehall og skytebane i Årdal

Tangen Kjøre- og Rideklubb har sendt inn ein søknad om midlar til ny ridehall til ein kostnad på 872.872 kroner. Her har dei fått godkjent 291.000 kroner. 

– Vi er nødt til å prioritere kva me skal bruka pengar på. Difor har kvar kommune laga ei lista med dei sakene som dei meiner burde prioriterast, seier Skrede. 

Les også: Gode tilbakemeldingar freista til gjentaking

Knipenborg Skyttarlag har sendt inn to søknadar for ny skytebane. I den fyrste søknaden er totalsummen 488.125 kroner, her har dei fått godkjent støtte på 162.00 kroner. Totalsummen for den andre søknaden er på 317.300 kroner, der 106.000 kroner av desse er godkjent som støttemidlar. 

Totalsummen for støttemidlar til ordinære anlegg i Årdal kjem på 599.000 kroner. 

Tildeling frå Kulturdepartementet vert gjort kjend 29. april. 

Fysisk aktivitet for alle

Ved årets søknadsrunde viser det seg at det er betydeleg fleire som ynskjer å etablere nærmiljøanlegg som klatreparkar, sykkel-løyper, sandhandballbaner, fleirbruksområde for turn, ballspel og løp.

Det kan sjå ut til at mange har lagt visjonen til fylkeskommunen til grunn ved etablering av anlegget: fysisk aktivitet for alle. 

Det er også ein gledeleg auke i tal søknader til å etablere og rehabilitere klubbhus. Dette er ein viktig sosial møteplass innan idretten og styrkar fellesskap-kjensla, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. Klubbhusa inneheld både lager, møterom og garderobe-del.

Til toppen