KLATREULYKKE: Ein mann er køyrt til sjukehus etter at han fall under klatretrening i Sognahallen torsdag kveld. Foto: Google Maps.
KLATREULYKKE: Ein mann er køyrt til sjukehus etter at han fall under klatretrening i Sognahallen torsdag kveld. Foto: Google Maps.

Klatreulykke i Sognahallen

Ein klatrar som var på trening, fall ned frå stor høgd torsdag kveld.

Sogndal: Ifølgje vitne Sogn Avis har snakka med, traff mannen golvet med eit smell. Ambulansar kom raskt til staden, og mannen er no på veg til sjukehus, skriv avisa.

Det var stor aktivitet i hallen, og mange var vitne til ulykka. AMK opplyser at dei vil kome med meir informasjon i form av ei pressemelding på eiga nettside.

Til toppen