Foto: Årdalskoret
Foto: Årdalskoret

Klaver og korsong i kyrkja

På tysdag kl. 19.00 står Årdalskoret klar i Farnes Kyrkje for å gje deg ei musikalsk oppleving. 

Med låtar som "A Distant Shore", "Danse mot vår" og "Bridge over troubled water" held Årdalskoret sin fyrste konsert i år. – Vi kan jo ikkje berre øve heile tida, vi må og framføre noko, seier Ingar Klubben, nestleiar i Årdalskoret. 

Med seg på konserten har dei dirigent Freek Ypma, og på nokre av songane vil han akkompagnere med kyrkja sitt storslåtte klaver. 

Aktivt kor

For nokre år sidan var koristane i Årdal delt inn i Årdalstangen og Øvre Årdal songlag. På grunn av sviktande medlemstal bestemte dei seg for å slå seg saman og danna Årdalskoret. No rommar blandakoret rundt 30 personar med øving kvar tysdag.

Sist Årdalskoret spelte for publikum vitja rundt 60 personar konserten, og koret håpar mange tek turen i morgon. 

Til toppen