LIKE GOD OVERLEVING: Klekkerismolten frå Ljøsne klekkeri syner like god overlving som villsmolten, syner studie. Foto: Arkiv.
LIKE GOD OVERLEVING: Klekkerismolten frå Ljøsne klekkeri syner like god overlving som villsmolten, syner studie. Foto: Arkiv.

Klekkerismolten frå Lærdalselvi viser like god overleving som villsmolt

At smolt som utsetjingsmateriale gir dårleg overleving for fisken, kan vere ei sanning med modifikasjonar. 

Lærdal: Tre år med telemetristudie frå Lærdalselvi syner nemleg at kultivert smolt frå Ljøsne klekkeri har like god eller betre overlevering enn villsmolt på utvandring i Sognefjorden.

I årsrapporten til Vitenskaplig råd for lakseforvaltning (VRL) sin årsrapport frå 2010 heiter det at «smolt som utsetjingsmateriale gir dårleg overlevin, representerer det største avvikle frå naturleg rekruttering, gir størst feilvandring og bør difor berre brukast når dei natyrlege produksjonsforholda gjer at mindre stadier ikkje kan nyttast.»

– Bør dokumentere prestasjonar til klekkerifisk

Leiar for samarbeidsprosjektet i Lærdal, Henning Urke frå INAQ, meiner VRL generaliserer.

– «Klekkeri» er ikkje ein eigen kategori som alle produserer undermåls fisk. Kvalitetsforskjellen på produsert fisk er truleg stor. Eigarane må difor starte med å dokumentere prestasjonar til klekkerifisken og deretter eventuelt investere i best mogleg produksjonsmiljø for å oppnå ein optimal utsetjingsstrategi, slik det er gjort av Østfold Energi i Lærdalselvi, seier han.

Det viser seg at ettårige klekkerismolten raskt tilpassar seg eit naturleg vandringsmønster i elva og har normalt dødelegheit på første del av sjøvandringa.

Usikker kor mange som returnerer

Resultatet indikerer også at lusepresset i ytre sel av Sognefjorden bør vere minst mogleg i tidsvindauget 10. mai til 10. juni for å skåna lærdalslaksen. Med slik informasjon kan oppdrettsnæringa treffe meir presist med sine tiltak.

Framleis er det usikker kor mykje av klekkerismolten som faktisk returnerer som vaksen laks til Lærdalselvi.

– Som ein start på å besvara dette blei all klekkerismolt individmerka i 2013, men me jobbar for å realisere ein fleirårig studie der dette vert besvart. Først då kan ein talfeste klekkerismolten sin verdi for vassdraget.

Rutine

Inntil vidare er elva i Lærdal per definisjon gyroinfisert. Difor gjenstår det framleis mange ubesvarte spørsmål kring laks og sjøaure. Som eit ledd i forsterkningsprosjektet etter gyrobehandlinga, produserer Ljøsne klekkeri om lag 6000 eittårig smolt årleg, om lag 100 000 settefisk og 500 000 lakseegg.

Klekkeristyrar Torkjell Grimelid seier at stamfiske pågår rundt St. Hans med uttak av 15 laks som står på Villakssenteret heile sommaren.

– Me har funne vår rutine og fôrar heilt fram til smoltifisering. Sjøtoleransetestar viser at smolten er utvandringsdyktig til rett tidspunkt dei siste dagane av april, seier han.

Ein auke i vassføringa vil etter det føre til at fisken vandrar ut sjølv om temperaturen er under 5 grader. Før utsetjing i 2013 blei halvparten av smolten fôra med antilusemiddel, og all smolt vart individmerka. I år mangla midlar, så difor vart fisken fôra med antilusemiddel, men ikkje merka.

Ifølgje Urke er målet å få til eit fleirårig prosjekt der regulant og lakseoppdrettarane spleisar på gildet for å få tal på sjøoverleving, effekt av lakselus og bidra til gytebestandsmål. 

Til toppen