RØRT: Anette Stegegjerdet Norberg var glad på klienten sine vegne.
RØRT: Anette Stegegjerdet Norberg var glad på klienten sine vegne. (Foto: Runa Victoria Engen/NRK)

Klienten som vart svindla av søstra får likevel erstatning: – Naturleg med tårer

Søstra stal over ein halv million frå broren ho var verge for. Dårleg råd gjorde at ho neppe ville ha klart å betala tilbake, men no steppar Staten inn.

Indre Sogn: Statens sivilrettsforvaltning har bestemt at mannen får ei erstatning på nær 500.000 kroner. Det melder NRK Sogn og Fjordane.  

Advokat og noverande verje til mannen, Anette Stegegjerdet Norberg, er rørt. 

– Eg må berre gle meg saman med klienten min og dei pårørande. Om det er ein dag det er naturleg med tårer, så er det definitivt i dag. Når Staten no er villig til å rydda opp, så har det enorm betydning for han og den situasjonen han er i, seier ho til NRK. 

Lang kamp

Det var i februar at kvinna vart tiltalt for å ha stole i alt 598.000 kroner frå kontoen til broren. Det skjedde i perioden mellom 2010 og 2016. 

Pengane hadde han spart lenge, slik at han ein dag skulle kunna oppfylla draumen og kjøpa seg ei eiga leilegheit. 

I retten blei kvinna dømd til å betala tilbake det meste av pengane, men sjansen for at det kom til å skje var liten. Ho fekk inga fengselsstraff.

Til toppen