– NEDBYGGING: – Det viktigaste tiltaket er å stanse all leiting etter nye olje- og gasskjelder innan 15 år, og så raskt som mogleg starte ei kontrollert nedbygging av dagens utvinning, skriv Stein Faleide Malkenes i dette innlegget.

meiningar

– NEDBYGGING: – Det viktigaste tiltaket er å stanse all leiting etter nye olje- og gasskjelder innan 15 år, og så raskt som mogleg starte ei kontrollert nedbygging av dagens utvinning, skriv Stein Faleide Malkenes i dette innlegget. (Bilde: Pressefoto)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Klimaendingane vil gje fylket store utfordringar ​– klimaomstillinga må skje hurtigare!​


Storm, regn og flaum er no vanlegare enn tidlegare og årsnedbøren er i dag allereie på det nivået klimamodellane har spådd først skulle kome i 2080 påVestlandet. ​Naturskadane  i Utvik​, Lærdal​  og Flåm har vist oss kva klimaendringane er og kva vi har i vente.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) set ​"klima" høgst påprioriteringslista. MDG vil ha ​betre erstatningsordningar når naturskadane skjer og at statleg økonomisk støtte også må gå til å førebyggje - ikkje som i dag, berre avgrensa til å erstatte det som vart skada​.  ​

S​ignal frå forsikringsbransjen ​er at dei vil auke premiane i utsette område, difor vert det offentlege si rolle når det gjeld førebygging viktigare i tida som kjem.  Eg er sjølv grunneigar til ei elv, Terdalselva i Flora kommune.  Berre dei siste 4 åra har ekstremnedbør og flaum rasert elva 2 gonger. Dette ser vi fleire stader.

MDG jobbar og for at beredskapen skal være på plass når ektremveret herjar. Og ikkje minst, kva type beredskap og organiseringa av denne. For utviklinga av ulike typar ekstremvèr vil og krevje nye beredskapsformer. 

Viktig for vårt fylke er klimatilpasning. I Utvik såg vi at føreslegne tiltak vart utsett, med katastrofale følger. Det er ikkje godt nok. Klimaendringane er her og MDG meiner at Noreg må setje klimatilpasning langt høgre på prioriteringslista. Men viktigst av alt. Vi må setje i verk ​tiltak for å stanse klimaendringane.

Der er Noreg i dag på stø, ​men feil ​kurs. Der Sverige har kutta utslepp av klimagassar med 20% har Noreg auka med 3%. I tillegg er vi verdas sjuande største eksportør av klimagassutslepp! Det er klart Noreg då har eit særskilt ansvar. MDG har lagt fram konkrete planar som både reduserer utslepp og når måla i Parisavtalen og som i tillegg sikrar sysselsetjing. 

​Det viktigaste tiltaket er å stanse all leiting etter nye olje- og gasskjelder innan 15 år, og så raskt som mogleg starte ei kontrollert nedbygging av dagens utvinning.  MDG vil omstille oljearbeidsplassane til grøne arbeidsplassar. 

Vi vil bruke 10 milliardar kroner kvart år i 15 år til dette og på denne måten omstille 10 000 oljearbeidsplassar årleg.  I tillegg vil vi sette av pengar til gryndarar og lågtlønna grupper for å skape nye jobbar og få fleire i arbeid i heile landet.

– Stein Faleide Malkenes, stortingskandidat for MDG i Sogn og Fjordane –

Til toppen