Sogndal: Sjølv om den nasjonale klimakonferansen tjuvstarta i Lærdal tysdag ettermiddag, var det onsdag det offisielle opninga av konferansen fann stad i Sogndal.
Den var det Anne Karin Hamre som stod for. Fylkesmannen meiner klimaendringane er noko me allereie er byrja å merka, seinast i sommar då flaumen råka Utvik og Breim.
– Det var varsla at det kunne bli store nedbørsmengder lokalt, men ikkje noko i nærleiken av dei enorme mengdene som kom i eit kort tidsrom over Utvikfjellet seint om natta til 24. juli. Ekstremt lokalt, og utruleg intenst medan det stod på, sa ho.
– Me må berre bu oss på at me oftare vil oppleve slike hendingar igjen. Idylliske Utvik vart brått forvandla til eit katastrofeområde, og dei mange bekkane og småelvane i Breim fløymde over og gjorde store skadar på bygningar og jordbruksareal.
God erfaring
Men det er også fordelar ved å vera eit fylke som etter kvart er blitt vande til å handtere slike situasjonar.
– Kommunar og naud- og beredskapsetatane her i fylket har etter kvart mykje trening med å handtere naturskapte hendingar, og sjølve krisehandteringa gjekk greitt i Nordfjord.
– Då eg var på folkemøtet i Utvik kyrkje var det flott å høyre om jobben som kommunen og offentlege etatar hadde gjort, og korleis dei fekk til eit godt samvirke seg i mellom. Og nok ein gong fekk me høyre om kor viktige dei frivillige laga og organisasjonane er, som til dømes Røde Kors.
Store ringverknader
Slike hendingar har konsekvensar. Dei visuelle er lette å forstå, men ringverknadene er mykje større for mellom anna næringslivet. Då er spørsmålet om kor stor grad samfunnet skal ta seg råd til å hevde standarden og sikra seg mot eit stadig villare og våtare klima.
– Dei fleste har høyrt mykje om det som skjedde i Odda, Voss og Flåm under og etter flaumen i 2014, men det var òg dramatikk i Lærdal og i Årdal, der elvane fløymde over og folk måtte evakuerast. Dei som deltok ute i felten i Lærdal i går, fekk sjå og høyre korleis flaumen i 2014 råka Lærdal, og om korleis næringslivet, kommunen og andre styresmakter jobbar for å ruste Lærdalssamfunnet til eit endra klima.
– Klimatilpassing og korleis me kan bli betre til å kartleggje risiko og førebyggje skadar, er sjølvsagt viktige tema på ein konferanse som denne.