Klimaendringane utfordrar kommunane

Mange innbyggjarar i Noreg lever med angst og uro for framtida på grunn av klimaendringane. Norske kommunar er svært ulikt rusta til å takle eit klima som vil føre til større skred og villare flaumar.

Sjølv om det snart skal haldast klimatoppmøte i Paris, er det lite som tyder på at det kjem effektive tiltak mot problemet med det første. Dermed ligg det an til at den globale oppvarminga vil fortsette.

– Vi er redde for ras. Vi må vente oss meir ras som følgje av klimaendringane, men vi er ikkje førebudde, seier Willy-André Gjesdal, einingsleiarr for samfunnsutvikling i den rasutsette kommunen Vaksdal i Hordaland.

Opplevde to ras

Jill Bru Johansen, som bur med mann og to søner på Boge i den vesle vestlandskommunen, opplevde to store ras i mai etter mykje nedbør.

– Vi flyttar nok ikkje, men angsten har sett seg. Vi lurer på kva slags vinter og vår vi får, seier Bru Johansen. Ho fortel at dei alltid har levd med rasfare.

– Men før kunne det rase ein stein eller to. Å sjå slike massar som rann ned frå fjellet i vår, var skremmande, seier ho.

Berre flaks gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt då eit stykke av hovudvegen E16 vart gravlagt i massane. Eit lokaltog på Bergensbanen køyrde også inn i raset.

Fryktar tap av liv

Fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland uttalte under framlegginga av rapporten  Klima i Noreg 2100 tidlegare i haust at han er svært uroa over ekstremvêrhendingar i dei mindre kommunane i fylket.

Gjesdal bekreftar at han fryktar at ras skal ta menneskeliv. Men kommunen har førebels ingen personar dedikerte til å jobbe med klimatilpasning, og ikkje eige klimabudsjett.

– Vi håper å komme med i neste runde av raskartlegginga til NVE. Det vil kunne gi oss viktige svar om rasfare i ulike område i kommunen, seier Gjesdal.

– Kartlegginga vil også vere eit viktig grunnlag for arealbruken. Per i dag veit vi ikkje om hus må fråflyttast på grunn av rasfaren, seier han vidare.

Øvst på ønskelista er ein rassikker europaveg og jernbane gjennom kommunen.

– Deretter ønskjer vi bistand til risikoanalyse og tiltak for å hindre ras i bustadområde og langs kommunale vegar, og sikring mot flaum i mindre vassdrag.

Flaum på Lillehammer

På ein heilt annan kant av Norge – i Bælafaret i Lillehammer – står Espen Thorsen nedanfor huset sitt og ser på bekkefaret som NVE og kommunen har sikra i haust.

Det er bygd opp steinvollar og laga trapper i bekkefaret, slik at elva skal klare å halde styr på vatnet, sjølv ved ein 200-årsflaum.

På få timer ei natt i juli i fjor forandra Bæla seg til ei monsterelv som reiv med seg garasjen og fylte førsteetasjen til naboen med vatn.

– Elva var heilt normal då eg la meg, men eg vakna midt på natta av at elva buldra som ho aldri hadde gjort, fortel Thorsen.

– Det var ei skremmande oppleving. Vi har fått større innsikt i klimaendringane etter at vi sjølv har stått midt oppe i det, seier han.

Store utfordringar

Etter flaumen i fjor oppretta Lillehammer kommune ei prosjektstilling med ansvar for å avklare og koordinere tiltak for å førebyggje flaum, og reparere skadar etter flaumen. Budsjettet for flaumførebyggjing er i år på 10 millionar kroner.

– Utfordringane er store for ein kommune som oss. Det er krevjande å finansiere flaumsikring til 20 millionar, som på Røyslimoen der elva Åretta fløymde over heile området, seier sektorsjef for by- og samfunnsutvikling Lars Rudi.

NVEs regionsjef Petter Glorvigen innrømmer at NVE halsar etter hendingane.

– Det går i krisetiltak. Det vil ta mange år før vi kjem à jour og kan jobbe førebyggjande, konstaterer han. (©NPK)

Til toppen