EKSTREMVÊR: Ekstreme nedbørsmengder kan føre til store skadar på eksisterande infrastruktur og true samfunnstryggleiken og framkoma i åra framover. Foto: Arkiv. 
EKSTREMVÊR: Ekstreme nedbørsmengder kan føre til store skadar på eksisterande infrastruktur og true samfunnstryggleiken og framkoma i åra framover. Foto: Arkiv. 

Klimaendringar kan trua infrastrukturen på Vestlandet

Tysdag skal Nasjonal transportplan 2018-2029 opp i hovudutvalet for samferdsle i fylket. 

Sogn og Fjordane: I dag startar fylkespolitikarane å behandle Nasjonal transportplan for det kommande tiåret. 

I grunnlagsdokumentet ligg det ein klimastrategi basert på Paris-avtalen frå 2015. Her er det lagt til grunn at transportsektoren minst skal halvere utsleppa i høve til i dag innan 2030.

Les også: – Me vil kjempa for hovudveg over Hemsedalsfjellet

Det blir forventa at fylkeskommunane  stiller krav til energieffektivisering, null- og lågutsleppsteknologi og berekraftig drivstoff ved innkjøp av køyretøy og transporttenester.

Meir ekstremvêr

Det er også forventa at det vert stilt krav om at alle ferjer og hurtigbåtar nyttar låg- og nullutsleppsteknologi der teknologiske, økonomiske og praktiske tilhøve gjer det mogleg.

Les også: KS: – Ti gonger meir på naturskadar enn på førebygging

I Sogn og Fjordane må vi vere førebudde på meire ekstreme nedbørsmengder som følgje av klimaendringane. Ekstreme nedbørsmengder kan føre til store skadar på eksisterande infrastruktur og true samfunnstryggleiken og framkoma.

For Sogn og Fjordane vil det difor vere viktig å gjennomføre klimatilpassande tiltak på eksisterande infrastruktur ved auka satsing på vedlikehald.

Vedlikehald av riksvegane

Sogn og Fjordane kjem godt ut når det gjeld sikring av riksvegane mot skred. Sikring av riksveg 13 Vik – Vangsnes, E39 Skjersura, E39 Våtedalen, riksveg 5 Kjøsnesfjorden og E16 Nærøydalen ligg inne framlegget frå transportetatane.

Sjølv om vi må kunne seie oss nøgde med at desse prosjekta ligg inne i grunnlaget, peiker fylkesrådmannen likevel på behovet for sikring av rv. 15 Strynefjellet og rv. 5 mellom Førde og Florø, som bør inn i neste NTP.

Les også: – Nærast unntakstilstand i Bermålstunnelen

Fylkesrådmannen meiner i si saksutgreiing at ein må legge Nasjonal rassikringsruppe sin ambisjon om sikring av det offentlege vegnettet innan 2030 til grunn for rassikring.

Med denne ambisjonen er ikkje rammene til skredsikring av riks- og fylkesveg høge nok, og  må aukast monaleg. Fylkesrådmannen går i mot forslaget om fylkeskommunal delfinansiering av skredsikringstiltak på fylkesvegnettet.

Nye prosjekt

Fylkesrådmannen peikar på at distrikta har sine utfordringar som må få si løysing gjennom Nasjonal transportplan. Dette er teke opp både i møte med Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité og direkte med samferdsleministeren. Saka handsamast i hovudutval for samferdsle 31. mai før den går til fylkesutvalet og fylkestinget.

Les også: Regionrådet med full prioritering på Hemsedalsfjellet

I rangeringa av nye investeringar er samfunnsøkonomisk nyttevurderingar lagt til grunn. I tillegg er nye investeringar vurderte ut i frå samfunnstryggleik og samanhengande utbygging og standard. Med desse vurderingskriteria i botn er det ikkje lagt opp til nye investeringar på riksvegnettet i Sogn og Fjordane i perioden 2018 – 29, bortsett frå skredsikring.

Viktige prosjekt for Sogn og Fjordane i gjeldande transportplan er ikkje med i framlegget frå transportetatane. Dette gjeld prosjekt som E39 Kjøs bru – Grodås, E39 Utbetring av delstrekningar i Sogn og Fjordane, rv. 13 tunnel gjennom Vikafjellet og rv. 15 Strynefjellet. Dette kan ikkje aksepterast og nemnde prosjekt må inn i neste NTP.

Hovudveg over Hemsedalsfjellet

Samferdsledepartementet har avgjort at det skal vere to aust – vest samband mellom Oslo og Bergen. Det eine sambandet er avgjort med E134 over Haukeli.

På oppdrag frå Samferdsledepartementet har Statens vegvesen sett i gang eit arbeid med KVU på strekninga mellom Voss og Gol. Her vert alternativa over rv. 7 Hardangervidda og rv. 52 Hemsedal vurderte opp mot kvarandre.

Arbeidet er ikkje ferdig, men Statens vegvesen sine konklusjonar og tilrådingar skal inn i det vidare arbeidet med NTP. Sogn og Fjordane fylke har vore, og er tydelege på, at alternativet over rv. 52 over Hemsedalsfjellet vil vere den beste løysinga nord for Bergen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i tidlegare vedtak støtta E 134 over Haukeli som eit av to aust – vestsamband mellom Oslo og Bergen.

 

Til toppen