FORSVINNANDE LUKSUS: Skientusiastar vil få mykje mindre natursnø å boltre seg i viss klimagassutsleppa held fram som i dag. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK.
FORSVINNANDE LUKSUS: Skientusiastar vil få mykje mindre natursnø å boltre seg i viss klimagassutsleppa held fram som i dag. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK.

Klimaet kler av skianlegga

Naturleg snø kan bli ei sjeldan luksusvare for mange vintersportsstader dei komande åra. Verst blir det for små skianlegg på Vestlandet.

Sogndal: Viss klimagassutsleppa held fram som venta, kan det gå hardt ut over norske skitrekk. Skientusiastar vil få mykje mindre natursnø å boltre seg i. Aller verst er utsiktene for små, lågtliggjande alpinanlegg på Vestlandet, viser eit nytt forskingsprosjekt frå Vestlandsforsking.

Skianlegga i Ørsta og Volda er dei som vil slite mest med snøen. Dei risikerer å få talet på skidagar på natursnø omtrent halvert på kort tid, frå 111 skidagar i år til berre 58 i 2030.

I eit større prosjekt, leidd av Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck, har forskingsinstituttet rekna seg fram til kor mange skidagar på natursnø dei ulike anlegga vil miste dei neste åra, gitt at klimautsleppa held fram som venta. Samtidig har dei utvikla ein modell for kor mykje meir kunstsnø alpinanlegga må produsere for å halde oppe drifta.

Kunstsnø og høgare heis

Onsdag samla fleire av skianlegga på Vestlandet seg til eit seminar i regi av Vestlandsforsking for å diskutere korleis vintersportsstadane allereie no kan førebu seg på klimaendringane. Koordinator for seminaret Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking seier at det trass dystre prognosar enkelte stader likevel ikkje var krisestemning rundt bordet.

– Stemninga var litt både og, men ingen trur at dette vil vere slutten for norsk skisport. Fleire er optimistiske fordi vi allereie no snakkar om omstilling. Det er også fleire som har trua på at framtidig teknologi vil kunne by på gode løysingar, seier Gildestad.

Artikkelen held fram under biletet.

LIGG UTSETT TIL: Eit varmare klima kan gå hardt utover norske skianlegg, og verst blir det for små lågtliggande anlegg på Vestlandet. Her frå Strandafjellet Skisenter i Møre og Romsdal.
LIGG UTSETT TIL: Eit varmare klima kan gå hardt utover norske skianlegg, og verst blir det for små lågtliggande anlegg på Vestlandet. Her frå Strandafjellet Skisenter i Møre og Romsdal.

Ho fortel at mykje av diskusjonen dreidde seg rundt det reint tekniske med kunstsnø og om ein skal byggje ut eller ei. Harpefossen skianlegg i Eid kommune er eitt av anlegga som allereie har gjort ei omstilling. I 2010 bygde dei ei ny heis som startar 500 meter over havet på grunn av at det over lengre tid hadde vore dårlege snøforhold lenger nede i anlegget.

Påskeutfordring

For at skianlegga skal kunne drive vidare trass mindre snø, er det tre vegar å gå. Det eine er ny teknologi spesielt med tanke på kunstsnø, det andre er å endre aktiviteten i tid og det tredje er å endre aktiviteten i rom.

– Enkelte skianlegg har begynt å tenkte på å tilby aktivitetar også om våren, sommaren og hausten. Stisykling er det også fleire som har vore inne på tanken om, men utfordringa er å gjere det lønsamt nok, fortel Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking.

Ei anna utfordring er at nordmenn stort sett sluttar å gå på ski etter påske, uansett om det framleis er gode forhold.

– Skisentera slit med å få folk i bakkane etter påske, så her kan løysinga vere å enten endre marknadsføringa, eller å få inn andre typar skituristar, som britar og tyskarar, fortel Gildestad. (©NPK)

Snødagar ved utvalde skianlegg:

Tabellen under viser utrekningane til Vestlandsforsking av kor mange dagar per sesong det er mogleg å stå på ski på natursnø utan hjelp frå kunstsnø. Utrekningane tek utgangspunkt i at klimagassutsleppa blir reduserte i tråd med Parisavtalen. Ein skidag blir rekna som at det skal vere minst 30 centimeter med snø.

I enkelte tilfelle er høgda botnstasjonen til anlegget, for andre er det der den høgaste heisa startar. 

Myrkdalen (550 moh)

2017: 162 skidagar
2030: 150 skidagar
2050: 146 skidagar
2080: 141 skidagar

Sogn Skisenter – Hafslo (350 moh)

2017: 159 skidagar
2030: 154 skidagar
2050: 150 skidagar
2080: 144 skidagar

Hodlekve – Sogndal (500 moh)

2017: 166 skidagar
2030: 160 skidagar
2050: 157 skidagar
2080: 155 skidagar

Kjelde: Vestlandsforsking

Til toppen