KRITISK: Jenny Følling meiner det vil vere dramatisk for busettinga i distrikta og kritisk for norsk sjølvforsyning av mat dersom ein følgjer råda i rapporten «Klimakur 2030», fordi store delar av Noreg berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon.
KRITISK: Jenny Følling meiner det vil vere dramatisk for busettinga i distrikta og kritisk for norsk sjølvforsyning av mat dersom ein følgjer råda i rapporten «Klimakur 2030», fordi store delar av Noreg berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon. (Foto: Arkivfoto)

MEININGAR

Klimakrisa vert ikkje løyst ved å ofre norsk landbruk

– Vi har store ressursar på innmark og i utmark som berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon. Kan det verkeleg vere berekraftig og miljøvenleg å la norsk matjord ligge brakk og gro att, medan importen av mat aukar, frå land som treng maten sjølv, skriv Jenny Følling i innlegget.

Meiningar: Miljødirektoratet har lagt fram ein rapport om «Klimakur 2030». Ikkje uventa er eitt av klimatiltaka endra kosthald og redusert matsvinn. Så mykje som ein million dekar jordbruksareal kan gå ut av drift dersom tilrådde tiltak vert gjennomført.

Dette vil endre landet vårt. Det vil få dramatiske følgjer for busettinga i distrikta, og vere kritisk for norsk sjølvforsyning av mat. Rapporten er tydeleg på at omlegging av kosthaldet vil endre Norge. Sunnfjord er største landbrukskommunen i Vestland fylke. Landbruket representerer viktige arbeidsplassar og er livsgrunnlaget for mange, og den største private bedrifta i Førde er Nortura.

Kan ikkje redde verda aleine

Vi har store ressursar på innmark og i utmark som berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon. Kan det verkeleg vere berekraftig og miljøvenleg å la norsk matjord ligge brakk og gro att, medan importen av mat aukar, frå land som treng maten sjølv.

Husdyra er ikkje årsaka til klimautfordringane. Husdyr som omdannar gras til mat og menneskeføde trengs for å dekke verda sitt matvarebehov. Vi må sjå på heilskapen i matproduksjonen.

Jenny Følling

Dette vil klimautsleppa i andre deler av verda. Norge står for berre to prosent av klimautsleppa på verdsbasis. Vi åleine kan ikkje redde verda. Det må til eit globalt løft. Men vi kan gjere vårt. Vi kan kutte i klimautsleppa ved hjelp av betre dyrkingsmetodar, ny teknologi og bruke innkjøpsmakta. Vi kan innføre utsleppsfrie ferjer, miljøvennlege hurtigbåtar, bussar og el-fly på kortbanenettet. Og vi kan produsere meir rein fornybar energi. Berre i Vestland fylke har vi i dag ein vasskraftproduksjon på over 30 Twh, noko som utgjer omlag 25 prosent av den norske vasskrafta.

Ikkje reelle alternativ

Vi må kunne oppretthalde ein klimavenleg matproduksjon på Vestlandet og i distrikts-Norge. Her finst ikkje reelle alternativ til husdyrhald og grasproduksjon. Det er også det FN sitt klimapanel legg opp til. Dei peikar på at alle land har ansvar for å halde oppe eigen matproduksjon. Denne rapporten peikar derimot på at redusert norsk produksjon er løysinga for Norge.

I 2017 var om lag 124 millionar menneske ramma av svolt. Ved sida av krig og konflikt, så er klimaendring og ekstremver årsaka til auka global matkrise. Husdyra er ikkje årsaka til klimautfordringane. Husdyr som omdannar gras til mat og menneskeføde trengs for å dekke verda sitt matvarebehov. Vi må sjå på heilskapen i matproduksjonen.

Norsk landbruk har alt låge utslepp samanlikna med dei fleste andre land i verda. Det vert arbeidd kvar dag for lågare klimaavtrykk av norsk matproduksjon. Klimakrisa kan ikkje løysast ved å ofre norsk matproduksjon og sette sjølvforsyninga i spel. Som bondelagsleiar Anders Felde seier i ein kommentar til Klimakur 2030; «Vi kan ikkje ete oss ut av klimautfordringa!»

Til toppen