JULEMARKNAD: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen og resten av Seimsdal ungdomslag inviterer til julemarknad for første gong komande laurdag. Foto: Privat. 
JULEMARKNAD: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen og resten av Seimsdal ungdomslag inviterer til julemarknad for første gong komande laurdag. Foto: Privat.  (Foto: Privat)

Kliner til med julemarknad for første gong

Gler du deg til jul, kan du starte oppbygginga av stemninga komande laurdag.

Seimsdal: Då inviterer Seimsdal ungdomslag til julemarknad før aller første gong. Her står lokal kunst, mat, drikke og potensielle julegåver på programmet.

– Det var eigentleg ein av oss som foreslo at me kunne lage ein slik julemarknad. Det er mange lokale folk som er flinke til å lage ting innanfor handarbeid, mat, drikke og bakst, fortel Ingunn Skjelbreidalen som sit i styret.

Ideen kom opp på eit møte, og sidan har det berre balla på seg. No nærmar dagen seg, og då er det klart det er litt spenning i lufta.

– Det kan kome alt frå ti til hundre, me anar ikkje, men dei me har snakka med, er veldig positive. Me håpar me vert positivt overraska, seier ho. 

Til marknaden kjem mellom anna kunstnarane Gro Bjørhei og Kristen Olav Grøttebø. De sjølve kjem ikkje, men det blir mogleg å kjøpe kunsten deira med ei salsutstilling.

Det same gjer Joar Søhoel med heimelaga karbonader og pølser. Dessutan vert det brunost frå Hafslo og baking av flatbrød i eldhuset som vert seld ferskt. Anna bakst som lefsekling får ein også kjøpt. Dei som likar mølse, kan også glede seg. 

– Det blir masse fine julegåver å få kjøpt. Dei som stiller, får inntektene sjølve, men me kjem til å ha loddsal, samt sal av kaffi, sveler, gløgg og brus, så me håpar å tene litt på det. 

Til toppen