Årdal: Politibetjent Knut Arne Klingenberg frå Årdal, for tida fungerande lensmann i Aurland, har søkt på stillinga som leiar for felleseininga for førebygging i Vest politidistrikt.
– Det ville ha vore ei kjempeutfordring å få drive førebyggande arbeid i det nye politidistriktet. Kanskje vi kan lære bergensarane noko om førebygging, vi har jo bygd opp noko i unikt i Årdal som vi kan vidareføre til andre plassar, seier Klingenberg.
Les også: Krev lensmannskontor i Aurland og Årdal
Han siktar sjølvsagt til Årdal Tenk Tryggleik som han har vore engasjert i sidan oppstarten i 1988.
Får han jobben må han rekne med å få kontor i Bergen saman med resten av toppleiinga i Vest politidistrikt. Knut Arne Klingenberg kom til Årdal som tenestemann i 1985, med er fødd og oppvaksen nettopp i vestlandshovudstaden.
Ifølgje BT et det til saman 37 søkjarar til seks leiarjobbar. Klingenberg trur det blir tøft å nå opp i konkurranse med dei andre kandidatane.
– Det er eit rimeleg bra beite, så det får no berre tida vise. Eg har søkt, så er det heilt andre som vurderer, seier han.