INN I KJEDE: Erling Eggum og Klingenberg hotell er blitt ein del av Best Western-kjeda, eit samarbeid han har store forventningar til, fortel han. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
INN I KJEDE: Erling Eggum og Klingenberg hotell er blitt ein del av Best Western-kjeda, eit samarbeid han har store forventningar til, fortel han. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Klingenberg inn i Best Western

Klingenberg Hotell har blitt ein del av Best Western-kjeda.

Årdalstangen: Hotellet kjem inn i kjeda frå 1. februar og styrkar dermed Best Westerns posisjon på Vestlandet, skriv dei i ei pressemelding. 

– Klingenberg Hotell er eit veldig hyggeleg hotell med god standard. Me er glade for å få eit Best Western-hotell i dette området, og Årdalstangen er ein viktig destinasjon, spesielt med tanke på ferie- og fritidsmarknaden, seier Hege Ramm, Country Manager Norway.

Generer meir trafikk

Klingenberg Hotell vert skildra som eit samfunnshotell for Årdalstangen og Øvre Årdal. Hotellet ligg sjølvsagt godt til i vakre omgjevnader med Jotunheimen like ved. Forutan turistar har dei mykje yrkestrafikk frå industrien i området.

– Våre andre medlemshotell i området set pris på tilskotet og ser at fleire hotell i kjeda generer meir trafikk til alle.

Store forventningar

I pressemeldinga seier Erling Eggum, eigar og direktør av Klingenberg hotell, at dei har rusta hotellet til ein god standard dei siste åra.

– Det er difor mogleg no å gå inn i eit kjedesamarbeid for ytterlegare å setja eit kvalitetsstempel på hotellet. Valet fell på Best Western på grunn av deira profesjonelle sals- og marknadsarbeid innan ferie og fritid, yrkestrafikk og kurs og konferanse. Det er òg viktig med kjedas breie distribusjon innan alle bookingkanalar, og me har store forventningar til samarbeidet.

Til toppen