KLAR OPPMODING: Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås. 
KLAR OPPMODING: Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.  (Foto: Trygg Trafikk / Colourbox)

Klipp hekken før skulestart: – Kan føra til farlege situasjonar i trafikken

I ei pressemelding oppmodar Trygg Trafikk sogningane til å gjera sitt for å unngå uoversiktlege situasjonar for trafikantar.

Sogn: Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjera det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Spesielt små born på skulevegen vert lett usynlege bak store hekkar og busker.

– I desse dagar startar borna på skulen igjen og me ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås. 

– Borna må vera synlege langs vegane, seier han. 

Oppmodar til felles dugnad for sikkerheit

Å syta for fri sikt er så viktig at det til og med er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og busker på eigen eigedom. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsler. 

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, no må me saman ta eit tak for å sikra best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, seier han.

Til toppen