Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Klipte skilta av bil som ikkje hadde betalt årsavgifta

Det var i Årdal, medan to fekk forenkla førelegg for høg fart i Sogndal.

Årdal/Sogndal: Politiet twitrar rett før klokka 15 at ei patrulje har klipt skilta av ein bil som ikkje hadde betalt årsavgifta i Årdal. Rett før kom twittermeldinga om at to hadde fått forenkla førelegg for høg fart i 60-sona på Kvam i Sogndal under ein kontroll UP har halde, der høgaste målte fart var 81 km/t.

Til toppen