SNORKLIPPING: Julie Holli, avdelingssjukepleiar på Årdal bu- og behandlinssenter og ordførar Arild Ingar Lægreid under den offisielle opninga av korttidsavdelinga. Foto: Ina Eirin Eliassen
SNORKLIPPING: Julie Holli, avdelingssjukepleiar på Årdal bu- og behandlinssenter og ordførar Arild Ingar Lægreid under den offisielle opninga av korttidsavdelinga. Foto: Ina Eirin Eliassen

Klipte snora for korttidsavdelinga

Det er store strukturendringar som no blir sett ut i livet innan helse- og omsorg i kommunen. Onsdag vart korttidsavdelinga på Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) i Øvre Årdal offisielt opna med snorklipping, omvising og sjølvsagt, kake. 

Årdal: Det er ingen tvil om talet på eldre berre vil auke på i åra som kjem. Etter Øvstetunshagen bufelleskap for personar med demens, også kalla AD-bustaden, vart vedteken nedlagt i fjor, er opprettinga og opninga av korttidsavdelinga på Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) eit av fleire grep og endringar som no er på trappene. Neste ut er opninga av Helsehuset, før dagsenter for demente skal bli sett i full drift. 

Artikkel held fra under biletet

KORTTIDSOPPHALD: Slike rom finst det no til åtte pasientar.
KORTTIDSOPPHALD: Slike rom finst det no til åtte pasientar.

Institusjonsavdeling i ei høgblokk

For dette er ingen sjukeheim. Det er ei avdeling med plass til ni korttidspasientar, som på ulike måtar treng rehabilitering og behandling i ein overgangsperiode.  

– På korttidsavdelinga får dei nøye oppfølging og vurdering slik at dei kan kome heimatt, til omsorgsbustad, tilrettelagt bustad eller sjukeheimen, alt etter kvar behovet ligg. Dette er meir som ein institusjonsavdeling med eige personale, i ei høgblokk med bustader der heimesjukepleien stiller med tenester til dei som treng det, fortel Julie Holli, avdelingssjukepleiar ved ÅBO. 

Artikkel held fra under biletet

PALLIATIV OMSORG: I tillegg til åtte plassar til korttidspasienter er det tillaga eit rom som er tilpassa for pasientar som er ved livets slutt og deira pårørande. Frå 1. oktober til no, er det alt fem kreftpasientar som har vore her. Korttidsavdelinga har også fått på plass ressurssjukepleiar for kreft, Anita Sviggum. 
PALLIATIV OMSORG: I tillegg til åtte plassar til korttidspasienter er det tillaga eit rom som er tilpassa for pasientar som er ved livets slutt og deira pårørande. Frå 1. oktober til no, er det alt fem kreftpasientar som har vore her. Korttidsavdelinga har også fått på plass ressurssjukepleiar for kreft, Anita Sviggum. 

For opptrening og behandling

– Me er nøgd me å no har kome så langt at me kan offisielt opna dei ni korttidsplassane her på avdelinga. Dette trur eg blir eit godt tilbod til både pasientar, tilsette og pårørande, seier Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal, før han klipper snora. 

KRY: – Me er krye over å no visa fram avdelinga, seier Monica Østerbø, leiar for heimetenestene i Årdal. 
KRY: – Me er krye over å no visa fram avdelinga, seier Monica Østerbø, leiar for heimetenestene i Årdal. 

– Me har no ei samla avdeling for korttidspasientar, medan andre delen av andre etasje er fire hyblar som me leiger ut til eldre som ikkje er så pleietrengande. Her har det den siste tida komen på plass store endringar, så sjølv om me har mista tre omsorgsplassar samanlikna med tidligare, er eg nøgd, seier Monica Østerbø, leiar for heimetenestene.  

Legehjelp gjennom ein skjerm

Under opninga fekk dei oppmøtte også sjå korleis telemedisin fungerer i praksis. Via ein stor flatskjerm på vaktrommet, fekk me både sjå og prata med fastlege Hicham Safiani og turnuslege Ljiljana Labus ved legekontoret på Årdalstangen. 

Artikkel held fra under biletet

VELFERDSTEKNOLOGI: – No har me opna, seier Monica Øvstebø frå vaktrommet på korttidsavdelinga til fastlege Hicham Safiani på legekontoret på Årdalstangen. Han konstaterer at det ser bra ut.  
VELFERDSTEKNOLOGI: – No har me opna, seier Monica Øvstebø frå vaktrommet på korttidsavdelinga til fastlege Hicham Safiani på legekontoret på Årdalstangen. Han konstaterer at det ser bra ut.  

Østerbø har tru på at dette vil spara tid på legebesøk. Det er ei ekstra forsikring at legane kan sjå og vurdere pasienten der den er. Dette vil likevel ikkje erstatta den nytilsette tilsynslegen, Tarique Sikder. Etterkvart skal også nettbrett brukast ute av heimesjukepleien i heile kommunen og det er også aktuelt å kople seg opp mot legevakta på Lærdal sjukehus. 

– Dette blir kalla kald omsorg, men me meinar det er varm omsorg, om ein absolutt ikkje treng legevakt, seier Østerbø. 

TRENING: Her kan pasientane styra som dei vil, med hjelp frå fysioterapeut eller ergoterapeut.
TRENING: Her kan pasientane styra som dei vil, med hjelp frå fysioterapeut eller ergoterapeut.

Trening og heimelaga mat som medisin

På avdelinga er det laga til treningsrom, som brukarane kan nytte etter lyst og evne. I tillegg er det er tilknytt ergoterapeut og fysioterapeut, som kan følge pasientene nøye opp, utan at dei tilsette treng å reisa bygda rundt. 

– Me praktiserer også heimebesøk, slik at folk kan få prøve seg heime att så fort som råd, for det er dit dei fleste reiser etter eit opphald her, forklarar Østerbø.

Også på kjøkkenet på ÅBO har det vore omleggingar ved opprettinga av korttidsavdelinga. Maten står no framme på kantina avdelinga, slik at brukarane kan ordne seg sjølve frå ein ståande buffé når svolten måtte melde seg. 

Artikkel held fra under biletet

MAT ER OGSÅ TRENING: Heimelaga mat blir tillaga på kjøkkenet i første etasje, og i andre etasje i korttidsavdelinga har brukarane eit eige kjøken som tidlegare var daglegstove. 
MAT ER OGSÅ TRENING: Heimelaga mat blir tillaga på kjøkkenet i første etasje, og i andre etasje i korttidsavdelinga har brukarane eit eige kjøken som tidlegare var daglegstove. 

Ole Inge Moen, kjøkkensjef på ÅBO, fortel at det også er opptrening ved at brukarane skal få prøve å ordne seg sjølve så langt dei klarer. 

– Heimelaga mat betyr mykje for brukarane. Det gir rett og slett matlyst, og me tilpassar menyen om det trengs. Det gjer også at me på kjøkkenet får meir motivasjon, då me i staden for å laga til halvfabrikat får brukt utdanninga vår. Det gjer også at sjukefråværet har gått ned. Eg tykkjer ordninga fungerer bra, seier Moen. 

NØGDE: Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal og Margrete Vee Kauppi, leiar av Øvre Årdal Helselag.
NØGDE: Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal og Margrete Vee Kauppi, leiar av Øvre Årdal Helselag.

Valuta for pengane

Øvre Årdal Helselag har gått inn med 50.000 kroner til innreiing av leiligheita som er for pasientar som er ved livets slutt. Leiligheita ser no som ei vanleg stove, og er tilpassa slik at også pårørande kan få vera tilstades, der pasienten har ein moglegheit til å trekke seg attende på soverommet og vera avskjerma frå besøkande for å få pleie og kvile.

– Kva tykkjer du om korleis det har vorte i leiligheita?

– Det er heilt superflott. Eg er så glad me sa ja til dette, det kjem heile bygda til gode og er noko bygda treng, seier Margrete Vee Kauppi, leiar av Øvre Årdal Helselag. 

Har fått til mykje utan å bruke pengar

– Sjølv om me er på Robek, tykkjer eg me har fått til mykje gjennom omfordelingar av ressursar innanfor ramma til eininga. Desse endringane gir eit betre tilbod til innbyggarane, seier Østerbø, sjølv om det var ei vanskeleg sak for politikarar, pårørande og pasientar då AD-bustaden vart nedlagt.

Av 9,6 årsverk på AD-bustaden, er no 3,6 årsverk omdisponert til korttidsavdelinga, medan 6 årsverk er kutta. Ni sjukepleiarar i store stillingsprosentar er no samla på korttidsavdelinga, i standen for 15 tilsette i små stillingar, slik at ein får kontiunitet i oppfølginga av brukarane. Dei var alt på plass til 1. oktober. Arbeidstilsynet har også innvilga langvakter på 12 timar, som er eit pilotprosjekt. Sjukepleiarane får moglegheit til kvile på vakta og blir avlasta av hjelpepleiarar. I tillegg har dei fri kvar sjette veke i turnus, noko Holli fortel sjukepleiarane er nøgde med så langt. 

Rådmann Olve Fossedal tykkjer det er viktig å få fram erfaringane med desse langvaktene, samanlikna med erfaringane med tilsette i små stillingsprosentar. Han meiner dei grepa som no er tekne på ÅBO, vil få betydning for måten ein må tenka på framover. 

– Det viktigaste er dei teneste me yter til innbyggarane. Det er viktig at heimesjukepleien er godt utbygd som her i Årdal, slik at brukarane har moglegheit til å bu heime så lenge som råd. Denne institusjonsavdelinga var me berre nøydde til å få på plass. Dette er også ein viktig del av samhandlingsreformen, seier Lægreid. 

Til toppen