GODE KUNNSKAPAR: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.h.) kunne kanskje ha budd seg betre på vêret når det kjem til klesval, men var elles svært godt budd både kunnskaps- og kommunikasjonsmessig då han snakka med dei ulike interessene i Sogn og Hallingdal om skrantesjuka. Her står Dale med Runar Bjøberg. Foto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar
GODE KUNNSKAPAR: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.h.) kunne kanskje ha budd seg betre på vêret når det kjem til klesval, men var elles svært godt budd både kunnskaps- og kommunikasjonsmessig då han snakka med dei ulike interessene i Sogn og Hallingdal om skrantesjuka. Her står Dale med Runar Bjøberg. Foto: Ole Ramshus Sælthun
meiningar

Klok kommunikasjon frå ministeren

Det er nesten freistande å seia at faginstansane som har med vilthelse å gjera burde låna kommunikasjonsfolka til landbruksministeren. 

KRONIKK: Uansett kva ministerar kjem på vitjing for, er det alltid interessant å analysera korleis dei kommuniserer og forheld seg til dei involverte i den aktuelle saka.

Utgangspunktet for landbruksminister Jon Georg Dale, då han var på vitjing på Hemsedalsfjellet 25. april i samband med skrantesjuka, var ikkje enkelt.

Han skulle snakka med grunneigarar og grunneigarlag som føler seg til dels overkøyrde og overhøyrde i skrantesjukesaka. Han skulle møta representerar frå tamreinsnæringa som ivrar for sanering av nordfjellareinen for å minka smitterisiko mot Filefjell tamreinlag sine områder. Og han skulle snakka om eit svært komplekst saksfelt.

Slik med ei gong kunne ein kanskje få inntrykk av at ministeren såg på dette som ei av dei mange vitjingane han liksom "må ta". Først var han og delegasjonen hans forseinka. Og då han steig ut av bussen på Breistølen for å titta på terrenget sperregjerdet mellom tamreins- og villreinssida kanskje kjem opp i,  såg han nok ut som ein minister som kom frå Oslo og vart overraska av buskete aprilvêr til fjells, iført dongeribuksa og den lette dunjakka si.

Men frå der av og gjennom dei to første programpostane, som denne redaksjonen var med på, handterte Dale glitrande.

Praktisk orientert og avventande haldning

Det eine var at han verka særs godt oppdatert på situasjonen og hadde tileigna seg ein god porsjon kunnskap om skrantesjuka og tilhøva - dette påpeikte også fleire av dei lokalt deltakande.

Det andre var korleis han svara både journalistar, grunneigarar, kommunerepresentantar og tamreinsnæringa.

For det første; då ein journalistkollega ville ha ut av Dale når han bestemmer seg for om nordfjellareinen blir sanert ut, svara ministeren at fleire avklaringar måtte på bordet. Kanskje "typisk politikarsvar", men han utdjupa også med at det måtte liggja føre ei noko lunde praktisk løysing på korleis ein sanerer ut 2000 villrein (+/-) før han trykkjer på den store raude knappen.

For det andre: Han var klar på at sjølv om han går for full sanering i første omgang, kan det skje ting i det komande som gjer at alt av strategiar må revurderast og kastast om på.

Les også: Her er ministeren på synfaring i Nordfjella

Skottet mellom teori og praksis

Så; kvifor "hylla" slike litt ulne svar? Fordi det ligg eit snev av audmjuke i det.

Frå faginstansane si side - i første rekkje Mattilsynet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) - er det heilt tydeleg at det grunneigarsida og jegerinteressene høyrer er: "Skyt ned alt så fort som mogleg, kosta kva det kosta vil, uansett kva som skjer. Dei praktiske utfordringane får me finna ut av etter kvart". 

Les også: Meiner nordfjellareinen bør sanerast uavhengig av eventuell spreiing

Les også: Mattilsynet: – Utskyting bør skje i løpet av eitt år

Vitskapskomiteen for mattryggleik sa det same, men det er den rolla dei har - å gje anbefalingar i ein rapport, ferdig med det. Rollene til Mattilsynet og NINA har meir med tiltak å gjera og er mangefasetterte (Og det er ikkje alltid like lett å få tak på kven som gjer og har ansvar for kva).

Likevel har altså det som er kommunisert ut frå desse verka temmeleg einsidig og stort sett alltid hatt den same hovudbodskapen.

Slikt tirrar og demotiverer praktisk retta jegerar og grunneigarar. Den som ser kva som blir skrive om saka på sosiale medier har sett det sjølve - spørsmål om kva som er praktisk gjennomførbart av dei fagbaserte, teoretisk retta tilrådingane, kjem som perler på ei snor.

Det mest nylege og aktuelle dømet er § 7 i framlegget til den nye soneforskrifta; reinjegerar i Nordfjella må beina ut kjøt før dei ber det heim. Eventuelt henta att slaktet når negativt prøveresultat ligg føre. Om dette skriv Villreinutvalet for Nordfjella følgjande i sitt høyringssvar:

"Dette forbodet, slik det er utforma i utkastet, vil setja ein kraftig dempar på motivasjonen til jegerane for å jakta. Utbeining av slaktet langt til fjells, og ofte under utrivelege verforhold, er lite realistisk.

Då vert alternativet å prøva å mura ned alt kjøtet, og setja av ein ny dag til å bera det ned, dersom prøvesvaret er negativt. Der det ikkje er terreng som mogleggjer innmuring av kjøt, ligg det heller ikkje til rette for å steina ned bein eller slakterestar.

Ein risikerer dermed at meir smittefarleg materiale vert liggjande att i fjellet etter utbeining av slakt, enn dersom ein tillet heimtransport med etterfølgjande trygg lagring av kjøt med bein til prøvesvar ligg føre.

Villreinutvalet vil understreka at det komande jaktsesong vil vera avgjerande å halda oppe jegerane sin motivasjon for å jakta, dersom siktemålet er å få redusert bestanden i sone 1 i Nordfjella så mykje som råd."

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

Det store spørsmålet om omfang av kartløegging

Poenget er eigentleg rekkjefølgja ting skjer i; til no har det nemnde Mattilsynet og NINA kommunisert ut i diverse møter via media vore at nordfjellareinen må sanerast så fort som mogleg. Korleis dette skal føregå, må ein koma tilbake til.

Mykje tilseier at det burde ha vore omvendt.  Rettare sagt; når ein alt i januar kom med beskjeden om at sanering truleg må til, måtte ein kunne venta at den praktiske løysinga på dette hasta å koma i gang med. Sett på spissen; sanering kan ein bestemma seg for dagen før ein gjer det - om alt er tilrettelagt for det.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Samstundes burde det vera viktig å nytta tida til å rigga eit apparat for ei skikkeleg omfattande prøvetaking under haustens jakt.

Det er dei to elementa det blir skrike etter lokalt; omfattande kartlegging for at ein veit mest mogleg når ein eventuelt går til sanering. Og "praktisk gangsyn".

I staden har ein til dei keisamlege høyrt om viktigheita av å sanera på dei dryge tre månadane som har gått sidan møtet i januar. Kartleggingsregimet er for puslete, blir det hevda. Drygt 20 000 hjortevilt skal testast for skrantesjuke; då er hovudtyngda såkalla risikodyr (fallvilt, påkøyrt vilt osb) og tamrein.

Dei to siste kategoriane er sjølvsagt svært viktige å få testa grundig. Mattilsynet seier det står på ressursar når ein ikkje testar meir hjortevilt felt under jakt enn ein faktisk skal; det avgrensar seg til kommunar med terreng i dei to skrantesjukeråka områda, nokre nabokommunar av desse og nokre villreinområder nær Nordfjella.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Hadde ein gått for eit prøveregime der alt felt hjortevilt i dei fire fylka med terreng råka av skrantesjuke - det vil seia Sogn og Fjordane, Hordaland, Buskerud og Sør-Trøndelag - ville det ha vore snakk om godt og vel dobbelt så mange prøver, basert på fjorårets fangststatistikk.  Dei vestraste kommunane i Oppland burde nok også ha vore med.

Då ville ein for det første ha kunne sagt noko mykje sikrare om moglegheita for at sjuka finst på elg eller hjort - den verkeleg avgjerande faktoren for spreiing. Er det framleis berre nordfjellareinen som har skrantesjuke etter ei såpass utførleg testing, vil truleg dei aller fleste vera einige i at sanering er det einaste riktige, og at det bør skje fort.

Les også: Eit nærast umogleg val

Prøveregimet som det ligg føre er kostnadsrekna til rundt ti millionar kroner. Ettersom jegerane stort sett skal ta og levera inn prøvene sjølve, burde det tyda godt og vel dobbel så stor kostnad ved dobbelt så mange prøver. Ti - femten millionar kroner ekstra til dette er truleg ein liten kostnad når skrantesjukerekneskapen skal summerast opp.

Fekk til dialog

Dette sa ikkje Dale noko om i løpet av dei to første postane under vitjinga si. Kanskje burde han, på eit tidlegare tidspunkt, sagt at Mattilsynet fekk romslege budsjett når det kjem til testing. Om Mattilsynet har signalisert at dette er viktig. Korleis desse prosessane har gått, veit ein lite om.

Det han sa, var at ny informasjon og nye hendingar kunne endra situasjonen. Langt på veg handlar det om eventuelt positive prøver i nye områder. Denne innfallsvinkelen - og det faktum at han ville vita meir om det praktiske rundt eventuell sanering - gjorde nok at vitjinga enda med dialog med dei ulike interessene meir enn tung diskusjon.

Dale fekk til dialog med alle partar. Det har ikkje faginstansane lukkast med i same grad. Mogleg handlar det delvis om at Dale er politikar og at å få folk med seg langt på veg er faget hans, medan faginstansane er fokuserte på forsking, teori og dokumentasjon. Mogleg har media sin del av skulda for at det som har kome ut frå Mattilsynet og NINA har handla om full sanering, eller hjå nokre mediehus: "Masseslakt/nedslakting".

Men å kommunisera så ein får til dialog og forståing burde vera ein god ting i denne saka (og dei fleste andre) uansett. Såleis må Dale seiast å ha lukkast bra, trass eit vanskeleg utgangspunkt.

Til toppen