FREKVENS: Årdalstangen blir berre forsynt av Naddvik kraftverk i to periodar på ti dagar dei komande vekene, noko som kan medføra noko ustabil frekvens, som igjen gjer at klokker tilkopla straumnettet gjerne ikkje går heilt som dei skal. Arkivfoto: Jonny Asperheim

Klokkene på Tangen kan gå feil

Grunna arbeid med straumnettet kan klokker på komfyrar pg liknande på Årdalstangen byrja å oppføra seg rart dei næraste dagane.

Årdal: –  Statnett skal gjera eit arbeid på ledningen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Då vert Tangen berre forsynt frå Naddvik kraftverk og me kan få trøbbel med å halda akkurat 50 hertz. Dermed kan klokker som er kopla til straumnettet gå noko feil medan arbeidet pågår, seier Jørgen Luggenes, Everksjef i Årdal Energi.

Statnett skal gjera denne jobben over to periodar skal pågå i to periodar - den første startar i dag, tysdag 20.september klokka åtte og held på til 29.september. Andre periode er frå 11.oktober til 20.oktober.

I desse periodane kan altså klokker på komfyrar, mikrobølgjeomnar og andre som er kopla til straumnettet bli påverka ettersom frekvensen moglegvis vil variera noko.

Til toppen