FORMEIRING: Tommy Tønsberg viser kor enkelt éin pelargonia kan bli til to. Klipp av ein stengel, skjer av han litt og set han i ei potte med jord. Foto: Vegard Wivestad Grøtt.
FORMEIRING: Tommy Tønsberg viser kor enkelt éin pelargonia kan bli til to. Klipp av ein stengel, skjer av han litt og set han i ei potte med jord. Foto: Vegard Wivestad Grøtt.

Kloning i hagen

Ved hjelp av stiklingar kan du lage gratis kopiar av blomar, tre og buskar i hagen.

  • Endret

Ein treng ikkje å gå vegen om eit frø for å skape nytt liv i hagen. Utanfor låven på småbruket sitt i Nannestad står gartnar og hagebokforfattar Tommy Tønsberg med hagesaks, ei potte med jord og ein vakker pelargonia. Det er i grunnen alt ein treng for å lage ei ny pelargoniaplante, heilt gratis.

– Dei fleste planter har evna til å lage røter frå ein avskoren plantedel, vanlegvis ein stengel, fortel han.

Sår ein eit frø, vil avkommet ha gen frå både mors- og farsplanta. Ved såkalla vegetativ formeiring derimot vil avkommet vere identisk med morsplanta. Har du ein busk eller blome du er ekstra nøgd med, kan ein stikling altså gi deg meir av same form og farge.

Artikkelen held fram under biletet.

STIKLING: Klipp av ein stengel rett nedanfor eit bladfeste. 
STIKLING: Klipp av ein stengel rett nedanfor eit bladfeste. 

– Du kan ta stiklingar av det meste, men nokre planter er enklare å få til å lage røter enn andre, seier Tønsberg og nemner pelargonia og fuksia blant populære blomar som er raske til å slå røter.

På sommarblomar er det mest vanleg å ta stiklingar om våren for at avkommet skal rekke å vekse seg stort om sommaren.

– Men vi tar også stiklinger midt på sommaren, slik som no, for å ha småplanter som kan overvintre inne, forklarer Tønsberg.

Juli er dessutan den rette månaden dersom du vil ta stiklingar frå buskar og tre. I denne perioden er stiklingane halvmodne og slår fortare rot.

Artikkelen held fram under biletet.

BLADFJERNING: Ta vekk alle blada på den delen av stiklingen som skal ned i jorda. 
BLADFJERNING: Ta vekk alle blada på den delen av stiklingen som skal ned i jorda. 

– Bærbuskar, roser, svarthyll, druer, sjasmin og hortensia er blant dei som er enkle å få til, tipsar han.

Stiklingar kan dessutan leggje grunnlaget for godt naboskap i sommarvarmen – kanskje kan eit skot frå ripsbusken til naboen bytast i ein stilk av den vakre fuksiaen din?

Slik tar du stiklingar:

  • Ideelt sett bør du hente stiklingane om morgonen, då er dei fulle av saft.
  • Vel ein stengel utan blomar eller knoppar, eller knip av dei som er. Viss ikkje vil planta bruke energi på å blomstre framfor å setje røter.
  • Klipp av stengelen rett under eit blad. Ta av dei nedste blada, der stiklingen skal vere under jorda.
  • Klipp gjerne også av den yttarste halvparten av kvart blad, mindre bladoverflate gir mindre fordamping. Stiklingen har ikkje noko rotsystem endå, og treng fukt.
  • Bruk gjerne såjord blanda med perlite, det gir ekstra luft og fukt.
  • Det ser kanskje litt rart ut, men stiklingen slår best rot viss du set han langs pottekanten, der er det nemleg både varmare og betre drenering. Så kan du heller flytte planta til midten av potta når ho har fått røter og du skal potte ho om.

Artikkelen held fram under biletet.

PLASSERING: Set helst stiklingen langs kanten av potta, der er det varmare og betre drenering.
PLASSERING: Set helst stiklingen langs kanten av potta, der er det varmare og betre drenering.
  • Vatn godt, og hald jorda jamt fuktig.
  • Dekk til med ein plastpose, og klipp gjerne eit hjørne av posen så det ikkje blir for tett. Sett potta ein varm stad utan direkte sol, rundt tjue grader er ideelt.Avhengig av sorten vil plantene setje røter etter alt frå nokre veker til fleire månader. Generelt vil sommarblomar og staudar setje rot raskare enn tre og buskar.

(Kjelde: Tommy Tønsberg og Kenneth Ingebretsen / Gardenliving.no)

SLUTTPRODUKT: Stiklingen er i jorda, no er det berre å håpe at han slår rot. 
SLUTTPRODUKT: Stiklingen er i jorda, no er det berre å håpe at han slår rot. 
Til toppen