TRYGGLEIK: Særskild er fokuset stort på tryggleik når borna og ungdommane deltek på skyteskulen til Det frivillige skytevesen. Foto: Jan Christian Jerving 
TRYGGLEIK: Særskild er fokuset stort på tryggleik når borna og ungdommane deltek på skyteskulen til Det frivillige skytevesen. Foto: Jan Christian Jerving 

– Klubbhuset har fått ein «flying start»

Tre gonger så mykje ungommar som venta vart med på skyteskule i Lærdal. 

Lærdal: – Det var naturleg å halda skyteskule no når me flytta inn i nytt hus. Me hadde kanskje tenkt det kom til å koma åtte-ti stykkjer, så at det skulle bli så stor oppslutnad som 26 trudde me verkeleg ikkje, seier formann i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal.

For ein god månad sidan opna det nye klubbhuset i Lærdal som husar ein skytedel eigd av Tønjum skyttarlag, Lærdal Jeger- og fiskerforening og Tønjum pistolklubb. 

Les også: Her opna dei det nye klubbhuset i Lærdal

Sist måndag starta skyteskulen til Det frivillige skyttervesen opp i klubbhuset. Dette er opplæring for aspirantar i alderen 10 år og oppover til 14-15 år.

Artikkelen held fram under biletet

INSTRUKSAR: Garva skyttarar gir sine instruksar til aspirantane i skyteskulen.
INSTRUKSAR: Garva skyttarar gir sine instruksar til aspirantane i skyteskulen.

– Tryggleik, tryggleik, tryggleik

– I denne skulen er det nokre hovudpunkt som tema - det viktigaste er tryggleik, tryggleik og tryggleik. Dette terpar ein veldig på, her må ein skapa gode haldningar heilt frå starten av. I tillegg går det på skyteteknikk, pusteteknikk og liggjestillingar. Så er det informasjon om Det frivillige skyttervesen, forklarar Offerdal

– Dei får skyta også?

– Ja ja, dei blir utålmodige elles. Det handlar om å læra våpenet å kjenna. Kva som er bakstykkje, framstykkje, ladegrep, patron og magasin, til dømes.

Kurset blir halde over fem kvelder og arrangert i to omganger over nokre veker no i desse dagar.

Aktivitet kvar dag, seint og tidleg

NØGD: Formann i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal, er godt nøgd og nesten overraska over kor stor oppslutnaden har vore om skyteskulen.
NØGD: Formann i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal, er godt nøgd og nesten overraska over kor stor oppslutnaden har vore om skyteskulen.

– Tanken er å halda skyteskulen ei gong i året så sant det er behov for det. Og skulle  det vera interesse for ein ny runde på nyåret skal me arrangera det.

– Så stor deltaking skulle vel vitna om at det er gror godt i skyttarmiljøet i Lærdal? 

– Ja, me har kome godt i gang. Med så mange på skyteskulen kan det vel nesten kallast ein flying start. Me hadde trudd det skulle bli litt tyngre å starta opp att etter å ha ligge nede i nesten tre år. Men det har nok vore større forventingar til å koma i gang enn kva me har fanga opp. 

Elles fortel Offerdal om jamn skyteaktivitet i det nye klubbhuset - måndag og torsdag kveld er det rifleskyting, tysdag har pistolklubben samlingar og elles er mange innom og skyt 

– Det er folk her kvar dag, nesten både seint og tidleg, vil eg seia.

Til toppen