OPNING: Vivian Kvam, leiar for Sogn lokalmedisinske senter, Kjersti Toppe (Sp), første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og Margun Thue, prosjektleiar for Sogn lokalmedisinske senter. Foto: Ina Eirin Eliassen

Klypte snora for lokalmedisinsk senter

Etter ei veke med drift, var det tid for den offisielle opninga av Sogn lokalmedisinske senter ved Lærdal sjukehus. 

NÆRT FOLK: – I kampen mot sentralisering, er dette desentralisering, seier Kjersti Toppe (Sp), i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Ein kjem ikkje utanom Lærdal, som partifelle med Liv Signe Navarsete på Stortinget, seier Kjersti Toppe (Sp) lurt til forsamlinga.

Toppe er første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og fekk æra av å skjera av snora med skalpell og offisielt opne Sogn lokalmedisinske senter. I tillegg deltok mellom anna fleire ordførarar frå regionen, representantar frå Helse Førde og dei som har jobba for å få prosjektet Sogn lokalmedisinske senter på beina.

Vil ha fleire senter i landet

– Dette er i tråd med planane og framtidsvisjonane ein har for helsetilbodet i landet. Eit slikt tilbod er det beste for alle. Sogn lokalmedisinske senter er eit barn av samhandlingsreformen, og resultatet av nødvendige omleggingar i helsevesenet. Det som betyr mest for folk er å ha eit helsetilbod i nærleiken. Eg har stor respekt for det arbeidet som er gjort med å samle kommunane i eit helsesamarbeid for eit godt og nært tilbod til innbyggjarane i distriktet. Eg håpar også på at fleire vil etablere slike tilbod andre plassar i landet, seier Toppe.

STOR FORSAMLING: Mat, takketalar, kulturinnslag og overrekking av blomer og gåver høyrer med når ein opna det nye samarbeidsprosjektet Sogn lokalmedisinske senter.  
Foto: Ina Eirin Eliassen

Stolte eigarar

Dei tre heileigarane av senteret, ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Aurland Noralv Distad (H) og ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid (Ap) var alle stolte av å kunne opne senteret. 

– Det er ikkje sjølvsagt at me kom hit. Mange har jobba godt og mykje for å få dette til, seier Solheim. 

– Årdalssamfunnet har i alle år støtta sjukehuset. Det har vore mange møter og drakampar for å få gode helsetenester lokalt. Eg er stolt og vil gratulere med dagen, seier Lægreid. 

– Dette er ein stor dag for regionen. Det er vår jobb å sikre dei beste tenestene for innbyggjarar og pasientar. Eg håpar det blir auka tilslutning for Sogn lokalmedisinske senter frå fleire av kommunane i regionen, seier Distad. 

TAKKA OG GRATULERTE: Ordførar i Aurland Noralv Distad (H) (f.v), ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) og ordførar  i Årdal Arild Ingar Lægreid (Ap) er dei tre heileigarane av Sogn lokalmedisinske senter.

Sterk tru og samarbeid

Reisa fram til eit opent lokalmedisinsk senter starta i 2011. Då sette to personar seg seg ned for å skriva søknaden. Margun Thue stod for det faglege innhaldet og Alf Olsen jr., rådmann i Lærdal, skisserte prosessen. Olsen jr., fortel arbeidet har vore eit motstraumsprosjekt, som no har kome over i roligare vatn. Han legg ikkje skjul på at ei sterk tru og at fleire har drege i lag, har gjort senteret mogleg. 

PLASS TIL FLEIRE: Rådmann i Lærdal var langt i frå den einaste som minna om at døra står open om fleire kommunar vil vera med om det lokalmedisinske senteret.
PLASS TIL FLEIRE: Rådmann i Lærdal var langt i frå den einaste som minna om at døra står open om fleire kommunar vil vera med om det lokalmedisinske senteret.

– Det er no utviklingsjobben startar. Mitt håp er at dette blir det beste lokalmedisinske senteret i Noreg, og til det beste for innbyggjarane i Sogn, seier Olsen. 

– I dag er slutten og starten på noko som er mykje meir. Frå september i fjor har ting verkeleg skote fart, med alt frå deltaljplanlegging, bestillling, tilsetting av folk og etablering av senteret i lokala til Lærdal sjukehus. Eg vil takke alle som har vore med for å gjere dette mogleg, seier Margun Thue, prosjektleiar for Sogn lokalmedisinske senter. 

STOR DAG: – Eg er rørt. Dette er ein stor dag, seier Margun Thue, prosjektleiar for Sogn lokalmedisinske senter.
STOR DAG: – Eg er rørt. Dette er ein stor dag, seier Margun Thue, prosjektleiar for Sogn lokalmedisinske senter.

Må bu seg inn

Legevaktsjef Frode Myklebust hadde vakt denne dagen, men tok med seg folk gruppevis rundt på omvisning i det nye senteret som inneheld mellom anna skadestove, kvilerom for legane, kontor for vaktlege, laboratorium, legevaktsentral, og senger for kommunalt akutt døgntilbod. 

Den gule legevaktbilen har vore på plass sidan september og Myklebust fortel den har vore i Årdal kvar dag og innom alle kommunane gjennom den første veka med drift av senteret. 

– Me hentar ikkje folk hit med ambulanse om me kan reisa ut. Det er litt av poenget. Når eg sett meg i bilen for å reise ut er eg ikkje bekymra, då det er att sjukepleiarar på senteret. Ein kan i tillegg tilkalle folk frå sjukehuset om det er naudsynt, seier Myklebust. 

AKUTTMOTTAK: Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid (t.v) og Aurlandsordførar Noralv Distad (t.h) saman med legevaktsjef for Sogn lokalmedisinske senter ved akuttmottaket på Lærdal sjukehus. Ein kan skimte plassen til den gule legevaktbilen som nyttast i kommunane Lærdal, Årdal og Aurland.

– Me må bu oss inn og vegen blir til undervegs. No er me i gang og me har det viktigaste utstyret og infrastrukturen som me treng. Heile området er under ombygging, og om eit år vil det sjå heilt annleis ut her, seier Myklebust. 

Han fortel at på sikt vil det bli lagt opp til samarbeid og opplæring på tvers av dei tilsette ved senteret, sjukehuset og ambulansen, slik at ein kan læra av kvarandre og bli enda meir sjølvhjelpne. 

– Det virkar som de har lagt det opp på ein god måte og samarbeidar til pasientens beste. Eg er imponert, seier Distad. 

PASSAR TELEFONEN: På legevaktsentralen hos Sogn lokalmedisinske senter er Marianne Øren (f.v) og Stine Sørli på vakt denne kvelden. Då telefonen tok til å ringe, var me sendt ut.
PASSAR TELEFONEN: På legevaktsentralen hos Sogn lokalmedisinske senter er Marianne Øren (f.v) og Stine Sørli på vakt denne kvelden. Då telefonen tok til å ringe, var me sendt ut.

Til toppen