(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
AMPERT: Det vart ein tøff og tett kamp mellom Lærdal og Jotun 2, slik det skal vera mellom to naboar. Diverre greidde ikkje enkelte av spelarane å avgrensa rivaliseringa til parketten, men rauk ihop etter fløyta gjekk. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

KM-kvalifisering i Årdal: Keeperen skåra frå midten i kalassigeren 

Nær hundre ungar har vore i sving i Årdalshallen denne helga. Det gav både sportslege høgdepunkt og fleire tøffe tak, både på og utanfor parketten.

Årdal: Eksempel på det første fekk me allereie tidleg laurdagen.

– Når me hadde ei så komfortabel leiing, så tenkte eg at eg berre måtte prøva, seier Leander Øy, keeper på G15-laget til Jotun 1.

Skotet hans frå bak midten og i mål var noko av det som skapte størst jubel i Årdalshallen den dagen. Her var gutar og jenter mellom tretten og seksten frå heile Sogn samla for å spela om kvalifisering til KM i futsal på Sandane.

AMPERT: Det vart ein tøff og tett kamp mellom Lærdal og Jotun 2, slik det skal vera mellom to naboar. Diverre greidde ikkje enkelte av spelarane å avgrensa rivaliseringa til parketten, men rauk ihop etter fløyta gjekk. Foto: Halvor Farsund Storvik

Tok seg vidare til sluttspel på Sandane

Øy fortel at det ikkje er første gong han har teikna seg i målprotokollen. Tvert imot er det tredje gong på fem år, meiner han å hugsa.

Etter ein jamn start der Hafslo hang godt med, byrja måla etter kvart å renna inn for Jotun. Øy fekk heller lite å gjera der han stod bakerst. 

– Nokon vil kanskje seia det er kjedeleg, men eg finn alltid ei arbeidsoppgåve eller to, som å få medspelarane til å stå rett og ikkje fjasa, seier keeperen.

– Og så er det gøy å skåra litt sjølv òg, legg han til.

Etter sigeren var det klart at dei er eitt av laga som har kvalifisert seg til sluttspelet på Sandane i starten av mars.

– Det er ekstremt gøy. Så får me håpa at Jotun 2 vinn neste kamp mot Lærdal, så dei òg kan koma vidare, seier Øy.

Tre raude kort i nabooppgjer

Kampen han snakka om var eit avgjerande oppgjer om andreplassen i gruppa. Det vart ein mildt sagt tett og temperamentsfull affære. Det første raude kortet kom tidleg. Ein Jotun-spelar måtte i garderoben for å ha dytta ein motstandar i ryggen. Med fire mot tre mann gjekk Lærdal raskt i leiinga.

Jotun 2 var igjen fulltallige og klarte å spela seg inn att i kampen. Jubelen stod i taket blant heimefansen då utlikninga kom, men laget trengte enno eitt mål for å ta seg vidare til KM. I nokre dramatiske sluttsekund heldt det på å koka over for fleire av spelarane.

Då fløyta gjekk rauk fleire av dei i hop. Det vart delt ut både slag og spark, utan at det bikka over i det brutale. God sportsand var det uansett ikkje.

Dommarane måtte opp med det raude kortet både ein og to gongar etter kampen, akkurat kva det stoppa på var vanskeleg å halda styr på i kaoset.

NØGD: Anne Gunn Vigdal i Jotun tykte turneringa gjekk smertefritt.

Til slutt var det lærdølene som kunne jubla, og då snakkar me igjen om det sportslege. Det eine poenget sikra dei andreplass i gruppa og billett til Sandane.

Mykje jobb, men får mykje att

Denne helga var det fire tilsvarande turneringar rundt om i fylket. Jotun hadde fått ansvaret for å arrangera kvalifiseringa i Sogn.

Anne Gunn Vigdal er oppmann til J12-laget til Jotun, og ein av to hovudpersonar bak turneringa. Ho seier det har vore opp mot 90 spelarar i aksjon i hallen i løpet av helga.

– Det har gått veldig fint, over all forventing. Det er ein del arbeid med det, men det er ei god inntektskjelde for oss som arrangerar, seier Vigdal.

Puljevinnarane vart som følgjer: Jotun 1 G13 vann pulje A, Jotun 1 G15 vann pulje B, Kaupanger 1 J13 vann pulje C, Kaupanger G14 vann pulje D, Balestrand G16 vann pulje E og Bjørn J16 vann pulje F.

Her kan du sjekka alle resultata frå kampane i helga.

Til toppen