G13-laget til Jotun IL gjekk vidare til sluttspel i Sandane.
G13-laget til Jotun IL gjekk vidare til sluttspel i Sandane. (Foto: Ruth Laberg)

KM-kvalik i Årdalshallen: – Eit årleg høgdepunkt

I helga var det kvalifisering til krinsmeisterskap i Årdalshallen.

Årdal: Det var lag frå både Årdal, Hafslo, Sogndal, Kaupanger og Leikanger som kjempa om pokalar i Årdalshallen denne helga. 

– Det er veldig kjekt. Det går i eitt frå morgon til kveld. Og ingenting er avgjort før siste kamp er spelt, seier Ruth Laberg som er oppmannskoordinator i fotballgruppa til Jotun IL.

Jotun IL har vore vertsklubb og Laberg har sete i sekretariatet heile helga. Ho kan fortelje at det til har vore svært spennande og til tider høg temperatur i hallen.

– Det er eit årleg høgdepunkt dette?

– Ja, dette er eit årleg høgdepunkt, svarar ho.

J13 frå Hafslo smilar stort etter å ha kvalifisisert seg sluttspel i Sandane. Foto: Ruth Laberg

l løpet av laurdagen var det heile 16 lag som kjempa på parketten, og på søndag var det 13. Til saman 36 kampar er blitt spelt i årsklassane frå 13 til 16 år.

Turneringa som gjekk av stabelen i helga er ein av fleire tilsvarande turneringar rundt om i fylket. Vinnarane frå dei ulike turneringane skal møtast i sluttspel i Sandane om ein månad, altså fyrste helga i mars.

– Skal du der?

– I alle fall den eine dagen. Eg har eit barnebarn som gjekk vidare og eg skal sjå ho spela, seier Laberg.

J14-laget til vertsklubben Jotun IL spelte seg også til sluttspelet i Sandane. Foto: Ruth Laberg
Til toppen