GLAD MANN: Den verneverdige sauefjøsen vart bygd om til kafè og fekk namnet Knaken i 2008. Eigar Christoffer Knagenhjelm er glad for at politikarane ser verdien av bygget.
GLAD MANN: Den verneverdige sauefjøsen vart bygd om til kafè og fekk namnet Knaken i 2008. Eigar Christoffer Knagenhjelm er glad for at politikarane ser verdien av bygget. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Knaken slepp eigedomsskatt

– Symbolikken er viktigare enn pengane, seier eigar Christoffer Knagenhjelm.

Kaupanger: Som venta gav politikarane i dag full støtte til forslaget frå rådmannen om at Mundal Hotell skulle få fritak frå eigedomsskatten.

På det same møtet gav dei òg fritak til Knaken på Kaupanger, sjølv om tilrådinga her var den motsette. Det er eigarane svært glade for. 

– Det er kjekt at vi blir høyrte denne gongen, for det er ikkje første gong vi søkjer. Det er ikkje store summane det er snakk om, men symbolikken er viktigare enn pengane og vi er glade for at politikarane ser verdien, seier Cristoffer Knagenhjelm som eig og driv kafèen saman med kona.

Les også: Det historiske hotellet slepp eigedomsskatt
Les også: Endeleg nådde dei fram i papirjungelen

FREDA: Kaupanger hovedgård og området rundt er freda kulturminne. Sauefjøsen er frå 1854 og det eldste driftsbygget på garden.
FREDA: Kaupanger hovedgård og området rundt er freda kulturminne. Sauefjøsen er frå 1854 og det eldste driftsbygget på garden.

Gir ny motivasjon

Det var i 2008 at dei opna kafèdrift og kulturformidling i den gamle sauefjøsen på Kaupanger Hovedgård. Det krevde omfattande rehabilitering, mellom var taket lekk og måtte fiksast.

Sauefjøsen vart bygd i 1854 og er såleis det eldste driftsbygget på garden. Fjøsen er i seg sjølv ikkje freda, men er ein del av det freda området som mellom anna omfattar Hovedgården og stavkyrkja.

– Når Mundal Hotell fekk det, så håpte vi òg dei ville gje oss fritak, for at det skulle bli lik behandling. Det får ikkje nokon konsekvensar for sommardrifta, men det er ei handsrekking og gir motivasjon til å framleis skape aktivitet der, seier Knagenhjelm.

– Betyr mykje for dei som driv

FEKK GEHØR: Arne Glen Flåten (H) fekk med seg dei andre politikarane i formannskapet på forlaget om å gje Knaken fritak frå eigedomsskatt.
FEKK GEHØR: Arne Glen Flåten (H) fekk med seg dei andre politikarane i formannskapet på forlaget om å gje Knaken fritak frå eigedomsskatt.

Det var Arne Glenn Flåten i Høgre som tok til orde for at Knaken òg skulle få fritak. Han la vekt på at bygget ligg i eit verna område og har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet, sjølv om det på linje med Hotell Mundal i seg sjølv ikkje er verna.

Diskusjonane rundt bordet viste raskt at forslaget ville få brei støtte i dei andre partia. 

– Det vil vere løge å gi den eine fritak og ikkje den andre, når begge er like godt kvalifiserte. Det er ikkje store summen det er snakk om, men betyr mykje for dei som driv, sa Flåten under dagens møte i formannskapet.

Til toppen