Halmstad/Sogndal: – Kampen gjekk veldig bra, eg var veldig bestemt på å vinna. Det er alltid godt å koma tilbake på rett sport, seier Tiago Mendes.
Søndag vann han i fjerde runde mot ein svensk motstandar i stemnet Champions Fight Night i Halmstad i Sverige. Ringkameraten gav rett og slett opp då dommaren hadde stoppa kampen for telling.
Men sigeren kom ikkje utan dramatikk.

– Han traff meg med ein alboge så eg knakk nasa i første runde. Den kjende eg veldig godt. Det var nesten så eg byrja å grina, eg vart så irritert. Men eg berre heldt fram å pressa, seier Mendes.
Saknar trenar og tøff sparring
I starten av karriera gjekk det meste på skinner for portugisaren som bur og trenar i Sogndal. I 2016 vart han verdsmeistar i Muay Thai.
Den siste perioden har derimot vore tøff. Før gårsdagens siger hadde han seks tap på dei sju siste kampane. På dei tjueto første vart det berre to tap.
– Det er vanskeleg å halda seg på eit proft nivå, når eg trenar med amatørar, seier Mendes, som óg saknar å ha trenarar rundt seg til dagleg.
– Eg har sett gårsdagens kamp om att fleire gangar, og ser at når eg pressar motstandaren, så berre følger eg etter han, i staden for å kutta vinklar. Slike småting må endrast, og det kan berre gjerast når du har ein person utanfor som kan korrigera deg. Det andre eg treng for å nå toppen veit eg at eg har inne. Det er berre å trena hardt og køyra på, seier Mendes.
Nytt steg i karriera
Han har allereie planen klar for korleis han skal få gjort dei naudsynte endringane. Framover kjem han til å vera halvparten av tida i Sogndal, og halvparten av tida i Lillestrøm.
– Der får eg trenarar på høgt nivå som følgjer meg kvar dag, og proffe utøvarar eg kan trena og sparra med. Det blir eit steg opp i karriera, seier Mendes.
For ambisjonsnivået er det framleis ingenting i vegen med.
– Det eg ønskjer er å gå dei beste stemna i både kickboxing og muay thai. Eg skal gjera alt for å vera på det høgste nivået som finst, og vinna titlar, seier han.