Knall stemning «Ne for sjø’n»

– Me er kjempenøgde med dagen i dag , sa leiar for foreningen ”Indre Ofredals vener”, Harald Thune. 

  • Endret

Årdal: Laurdag inviterte arrangørane av Nasjonalparkfestivalen Under Storen  til open dag i Indre Ofredal.

Sjå galleri øverst i saks ved å trykke på pilene til høgre. 

– Dette er eit populært tiltak, så dette er noko me ønskjer å fortsetja med i åra som kjem, seier Thune vidare.

Her var det knall god stemning, flott musikk, rømmegraut med spekemat og aktivitetar for ungane. Om lag 250 tok turen Ne for sjø’n laurdag.

Sognebåtprosjektet

Stiftinga har engasjert Frida Aakervik Berg til å registrere og fotografere alle dei gamle Sognebåtane i nærområdet.

Berg har studert kulturminneforvalting og har funne nærare 20 båtar i meir eller mindre god stand i Seimsdalen .

I høve open  dag denne laurdagen vart seks av desse båtane synt fram og med bunadkledde roarar ombord, vart dette eitt populært innslag for dei frammøtte.

– Me ønskjer å fortsetja med arbeidet på sagi og båtnaustet her i Indre Ofredal. Dette har 1. prioritet, seier Thune.

Stiftinga har søkt om midlar til å halda fram med arbeidet i framtida. Thune oppfordrar samstundes folk til å ta del i dugnadsarbeide i Indre Ofredal.

– Dei som har arbeidslyst, kan berre ta kontakt med meg, avsluttar han.

Aktivitetar  for dei yngste

«Ne for sjø’n»  er eit arrangement for folk i alle aldrar og for dei yngste var det lagt opp til fleire aktivitetar .

Det nyoppstarta tilbodet for dei yngre i Årdal, 4H, som vart stifta i november 2014 og som har 15 -20 medlemmar, hadde laga til ein fin natursti i nærområdet i Indre Ofredal.

Klubbrådgjevar for 4H, Atle Granby, skrytte over det fine miljøet i klubben og takka for god støtte frå næringslivet i Årdal til drifta av 4H .

På naturstien var det lagt ut sju postar med lokale spørsmål, der Marlene og Thomas Granby var ansvarlege. Spørsmåla gav lit hovudbry for dei som ikkje  var lokalkjende.

Heimelaga bakst

For dei som ville prøva skytefedigheitane sine, hadde Årdal jeger og fiskarlag laga til ei enkel skytebane til luftgeværskytig. Blinken var ein hengande, liten boks. Den som traff boksen vart med i trekninga av ei flott fiskestang med snelle .

I eldhuset var det ei lun og god stemning. Her stod fire gode representantar frå husflidlaget i Årdal, som tjevla ut og steikte flatbrød. Baksten vart laga av Synnøve Fredheim, Turid Nordbye, Bjørn Fureseth, og Olina Kleppe .

– Me held kurs kvar haust og vår i flatbrødbaking og anna bakst, seier Synnøve, så her er det berre og melda seg på for den som vil.

– Salet frå flatbrødbaksten gjekk til foreninga ”Ne for sjø’n”, fortel gjengen i eldhuset medan kundar strøymer på for sikra seg bakevare.

Underhaldning  med god musikk høyrer og med ein slik dag. To representantar frå gruppa Long Horn i Lærdal, Kristen Olav Grøttebø og Steinar Kvigne, friska opp med kjende og kjære viser som blant anna stamvegvisa, dei fekk også med seg to lokale musikarar, Ivar Seim og Jonny Asperheim .

Til toppen