LOVANDE: 16-åringen er ein lovande fotballspelar. Foto: Jan Ove Skjerping
LOVANDE: 16-åringen er ein lovande fotballspelar. Foto: Jan Ove Skjerping

Knalldebut for 16-åringen

Ullensaker/Kisa2 - Årdal FK  0-3

Den fyrste halvtimen i kampen dominerer Årdal, og tek meir og meir kontroll ut i kampen. Det kjem fleire sjansar for Årdølene som ikkje går mål, noko trenar Ivan Øy blir litt frustrert over.

Like før pause driblar den unge debutanten Joachim Furset fire spelarar og scorar det fyrste målet på Jessheim Stadion. Laga går til pause med stillinga 1-0 til Årdal.

Les også: No er han klar for Årdal FK

Årdal har overtaket til vel ein time ut i kampen, då sjansane begynner å kome frå begge lag.

Men Årdølene lar seg ikkje stoppe, då Furset nok ein gong driblar og slår ballen til Preben Strypet. Strypet sett ballen i mål og stillinga står 2-0. 

Årdal opprettheld kontrollen medan sjansane kjem frå begge lag. Etter ei rekkje sjansar, kjem scoringa til Truls Hovland 88 minutt ut i kampen.

Årdølene går i garderoben med stillinga 3-0 etter ein sjanserik kamp.

Fornøygd

16-åringen fortel at debuten ikkje kunne vore betre.

– Det var deilig å score i debuten min,  den kunne ikkje vore betre. Framover håpar eg at eg kan fortsette å halde plassen på laget, fortsette å bidra med målpoeng og levere på detta nivået.

– Det var morosamt å endelig få spele for førstelaget. Dette har eg sett fram til, så dette var gledelig!


 

 

 

 

Til toppen