Høyanger: – Dette første året har gått over all forventing. Det er tydeleg at tilbodet har vore sakna her i bygda. Då vi planla å starte opp, tenkte vi at anten gjekk det eller så gjekk det ikkje. No har vi vakse ut av lokalet på under eitt år, seier Adrian Breidivik.

Knallstart for treningssenter – utvidar i 2020
Høyanger treningssenter har vakse ut av lokala i Høyanger sentrum på under eitt år. Dei er difor i full gang med å planleggje flytting og eit utvida tilbod. Blant anna skal dei tilby ein saltime som dei er først ute i landet med.