MØTER TOPPLAG: Sogndal skal måle krefter mot russisk storlag på det neste utanlandsopphaldet i Marbella. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.
MØTER TOPPLAG: Sogndal skal måle krefter mot russisk storlag på det neste utanlandsopphaldet i Marbella. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.

Knallsterk motstand ventar Sogndal på neste treningsleir

Sogndal skal måle krefter mot russisk storlag på det neste utanlandsopphaldet i Marbella.

Sogndal: Etter eit opphald på Gran Canaria dei siste vekene, var Sogndal tilbake i Sogn denne helga der dei møtte, og tapte for, Åsane i treningskamp.

No ventar nokre dagar fri før spelarane set seg på flyet att og vender snuten mot Marbella i Spania.

Der ventar topp europeisk motstand i russiske Spartak Moskva. Det russiske storlaget, som har vunne 21 ligatitlar i Russland, har allereie slått Aalesund 3-1 denne vinteren.

Denne kampen vert spelt på månadens siste dag. Søndag same veke ventar kviterussiske Shaktyor Soligorsk – eit mindre kjend lag for dei fleste, men likevel så godt at det har spelt kvalifisering til Europaligaen dei siste åra.

Songdal har spelt fem treningskampar denne vinteren. Tre har endt med siger, ein uavgjort og eit tap.

Det er framleis over ein månad til seriestart i Eliteserien når Sogndal reiser til Sarpsborg 08 2. april.

Til toppen